Helgestillingar
- Arbeidsgiver
- Heimetenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Helgestillingar
- Frist
- 29.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kunne du tenkje deg å bidra til å gje pasientane trygg, heimebasert omsorg? Sandane heimeteneste søkjer engasjerte tilsette til helgestillingar med arbeid tredje kvar helg!
Heimetenesta i Gloppen er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebaserte tenester til brukarar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi arbeider tverrfagleg for å kunne tilby brukarar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi.
Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
Du vil få opplæring/kurs og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt!
Tilsetting: snarast
Arbeidsoppgåver
Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane, samhandlar med brukar, pårørande og kollegaer, og utfører sjølvstendige og delegerte oppgåver i eit arbeidsfellesskap. Vår nye medarbeidar tek ansvar for eiga fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Vi ser etter deg som har utdanning i helse eller deg som ynskjer å prøve deg i omsorgsyrket sjølv utan fagkompetanse eller påbegynt helseutdanning. Vi oppfordrar spesielt deg som har interesse for faget og som har eit sterkt ynskje om å bidra til ein god kvardag for våre brukarar.
- Førarkort personbil er nødvendig for å kunne arbeide ute i tenesta, men er ikkje nødvendig for arbeid på bukollektiv.
- Du må kunne snakke godt norsk.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
- Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4903892714
Stillingsprosent: 19%
Fast
Søknadsfrist: 29.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 388163771
- Sist endret
- 09. jan. 2025 08:19