Lærlingar i oppvekst
- Arbeidsgiver
- Aurland kommune
- Stillingstittel
- Lærlingar i oppvekst
- Frist
- 21.04.2025
- Ansettelsesform
- Lærling
Beskrivelse
Me har ledige læreplassar i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2025.
Læretida er fordelt mellom barnehage, skule, skulefritidsordning (SFO) og fritidsklubb.
Aurland kommune har god erfaring med opplæring og oppfylging av lærlingar.
Når du søker må du laste opp / legge ved kompetansebevis VG1 og karakterutskrift VG 2, eller anna utdanning, samt aktuelle attestar. Dokumentasjon på eventuelt fråvær legg du også ved som vedlegg i søknaden.
Arbeids- og ansvarsområde
- ta del i det daglege arbeidet ved avdelinga / arbeidsplassen
- ha ansvar for å vise fagleg utvikling gjennom dokumentasjon i opplæringsboka og gjennom samhandling med instruktør
Me tilbyr
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn som lærling etter Hovedtariffavtalen
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- fullfører vidaregåande skule, VG 1 og VG 2 i det faget / studiet du søker lærlingplass i, innan våren 2025
- andre utdanningsløp er også mogleg, legg eventuelt ved dokumentasjon
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagt. Me ynskjer lærlingar som har gode samarbeidsevner, er villige til å lære og som er ansvarsfulle.
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i læretida
- god orden og åtferd
- eventuelt fråvær må vere dokumentert
- politiattest av nyare dato er eit krav for læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Krav til språk
Det er ein føresetnad at den som får læreplass kommuniserer godt på norsk både munnleg og skriftleg.
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Me ynskjer deg velkomen som søkar til lærlingstilling i Aurland kommune.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Skulevegen 9, 5745 Aurland
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet
- FINN-kode
- 388178630
- Sist endret
- 14. mars 2025 09:06