Ferievikarar sommar 2025
- Arbeidsgiver
- Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Stillingstittel
- Ferievikarar sommar 2025
- Frist
- 22.04.2025
Beskrivelse
Har du lyst på ein spandande og meiningsfylt feriejobb?
Vi treng fleire dyktige og motiverte medarbeidarar, og kanskje du er ein av desse?
I siste del av juni, juli og august treng vi fleire til å gje praktisk bistand og utføre pleie- og omsorgsarbeid i heimetenesta, bukollektiv og sjukeheim, innanfor helse- og omsorg i Sandøy omsorgsdistrikt.
Vi ønskjer difor å kome i kontakt med deg som kanskje er under utdanning, eller som har lyst til å bli kjend med eit nytt yrke.
Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar og assistentar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring!
Vi har base i Sandøytunet, Austrevegen 11 på Harøya.
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i direkte møte med menneske.
- Pleie og omsorg for våre brukarar og praktisk bistand. Måltid og ernæring.
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere fylt 18 år for jobb i heimetenesta, i sjukeheim, bokollektiv og praktisk bistand kan du også være litt yngre (16 år i 2024).
- Søkarar må kunne jobbe i månedane juli/august (Hovudferie for våre tilsette er frå 23. juni til 17. august).
- Arbeid inntil kvar 2. helg.
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- For arbeid i heimetenesta er det positivt om du har førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du er: Ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Gode samabeids- og kommunikasjonsevner vektleggast.
Vi tilbyr
- Spennende og meningsfylt arbeid innan våre tenester innanfor helse- og omsorg.
- Ein garanti om at din innsats er viktig og av stor betydning for brukarane våre.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 10 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 33 i 2025. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
Renate Finnøy, Verksemdleiar Sandøy omsorgsdistrikt, 906 14 079, Renate.Finnoy@alesund.kommune.noArbeidsstad
Postboks 15216025 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4904083368
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Postboks 1521, 6025 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 388311356
- Sist endret
- 10. jan. 2025 11:27