Inaktiv

Fagarbeidar - Ytre Haram heimeteneste

Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar HT Ytre Haram
Frist
26.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter ein fagarbeidar med helsefagleg utdanning i 100% fast stilling, for tida til heimetenesta i Ytre Haram lokalisert i Brattvåg. Stillinga er for tida i turnus, med arbeid på dag/kveld og kvar 3. helg.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre og fokuserer på fag, og å gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som fagarbeidar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Arbeid med kvardagsrehabilitering og eigenmestring hos heimebuande. 
  • Arbeid med arbeidslister i Helseplattformen.

Kvalifikasjonar

  • Fagarbeidar med helsefagleg utdanning.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • God IT-kompetanse til å kunne arbeide med arbeidslister og anna relevant arbeid i journalsystemet Helseplattforma.
  • Det er ønskeleg med kompetanse eller erfaring med rehabilitering/fokus på eigenmeistring hos heimebuande.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande.
  • Du har gode evner til å følgje oppgitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
  • Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
  • Du har godt humør og ei positiv framtoning.
  • Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme.
  • Du ønsker å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får riktig tilbod på riktig plass.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med base i Brattvåg.
  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.    

Kontaktinformasjon

Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.no

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Storgata 20

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4902772388

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Storgata 20, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
388339670
Sist endret
13. jan. 2025 06:56