Inaktiv
Miljøarbeidar / aktivitør ved dagsenter
- Arbeidsgiver
- Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar / aktivitør ved dagsenter for eldre
- Frist
- 27.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Det er ledig fast 60 % dagstilling som miljøarbeidar / aktivitør ved Giske omsorgssenter frå snarast. Stillinga er knytt til eit dagsenter for heimebuande eldre som for tida er ope tre dagar per veke.
Ved tilsetjing blir det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Attestar og vitnemål skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Skape sosialt treffpunkt for heimebuande eldre.
- Tilrettelegge og gjennomføre gode og meiningsfylte aktivitetar gjennom dagen.
- Tilberede måltid.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Administrative oppgåver.
- Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande.
- Bidra til godt tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar, aktivitør eller anna relevant fagutdanning, men andre med relevant erfaring kan også søkje.
- Erfaring frå eldreomsorg og liknande arbeid er ønskjeleg.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Har interesse for eldreomsorg.
- Er fleksibel, løysingsorienter og takler godt ein arbeidsdag med stadige endringar.
- Er strukturert, og evner å organisere kvardagen i samspel med andre tilsette og brukarar.
- Har brukarane og faglegheit i fokus.
- Er ansvarsfull og lojal.
- Er god på samarbeid og kommunikasjon.
Vi tilbyr
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eig godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4904917670
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 27.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Valderøya, 6050 Valderøya
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 388363437
- Sist endret
- 10. jan. 2025 02:29