Økonomisjef
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Økonomisjef
- Frist
- 29.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vestre Slidre kommune har frå april 2025 ledig stilling som økonomisjef i kommunen.
Vi søkjer etter ein økonomisjef med relevant utdanning og erfaring, samt gode samarbeids - og kommunikasjonsferdigheiter.Stillinga er ei 100 % fast stilling, og er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Økonomisjef har personalansvar for tilsette i økonomiavdelinga. Det kan vere aktuelt å utvide ansvaret for stillinga til å dekke heile eller deler av ei stabsavdeling med ansvar for løn, personal, arkiv, servicetorg og kommunikasjon.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver:
- Økonomiplan og rekneskap
- Utarbeiding av budsjett og økonomiplan
- Oppfølging av drifts- og investeringsbudsjett i samarbeid med kommunalområda, herunder deltaking i årsavslutning av rekneskapen og utarbeiding av årsmelding
- Økonomiske analyser og tertialrapport
- Finansforvaltning
- Førebu saker for politisk behandling
- Innkjøp
Andre oppgåver:
- Næringsfond og legat
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå økonomisjefen sine interesser eller arbeidsgjevar sitt behov, herunder leiaransvar for heile eller delar av avdelinga løn, personal, service og kommunikasjon.
- Det er eit utstrakt interkommunalt samarbeid i Valdres-regionen, og økonomisjefen sit i økonomileiarforumet i Valdres, samt i innkjøps - og forsikringsforumet.
Tenestemålet i kommunen er nynorsk
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå med formalkompetanse innan økonomi
- Solid erfaring frå arbeid med budsjett og rekneskap
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vilje og evne til å vera ein tydeleg økonomisjef
- Gode evne til samarbeid, kommunikasjon og gjennomføring
- Sjølvstendig og strukturert
- Stabil og fleksibel
- Utviklingsorientert
Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø, spanande utfordringar og stor variasjon og breidde i arbeidsoppgåver.
- Løn etter avtale og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Rolf Stalenget, +47 90898321Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4901508938
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Økonomi og regnskap, Ledelse, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- FINN-kode
- 388769592
- Sist endret
- 13. jan. 2025 07:55