Helsefagarbeidar, i inntil 100% vikariat (natt)
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Sone BBD. Helsefagarbeidar, i inntil 100% vikariat (natt)
- Frist
- 26.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Gulen kommune har ledig i inntil 100% vikariat som helsefagarbeidar på natt ved Sone BBD frå 01.02.2025 - 14.04.2025. Turnusen er knytt til avdeling Brekke. Stillinga er i utgangspunktet 100%, men dersom ein ynskjer ein lågare prosent, skriv du dette i søknaden, så vil det verte vurdert. Pr. dags dato har denne stilinga arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene.
Ta kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga, og lurer på om du skal søke!
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff. Tiltaket skal evaluerast i samband med rullering av lønspolitisk plan.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Engesetvegen 125, 5961 Brekke
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 388786162
- Sist endret
- 13. jan. 2025 10:07