Sommarjobb for Ungdom

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Sommerjobb til Ungdom
Frist
10.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Avdelingar sommarjobb kan søkjast i: 
  • Kjøkken på Nordliheimen
  • Omsorg på Nordliheimen
  • Heimesjukepleien
  • Heimehjelp (vask av hus)
  • Tenesta til personar med nedsett funksjonsevne
  • Barnehage

Arbeidsoppgåver
  • Varierer ut i frå kor du skal jobbe

Kvalifikasjonskrav
  • Du må ha bustadadresse i Austrheim kommune
  • Du kan søke frå året du fyller 16 til året du fyller 18 år
  • Det er påkrevd å signere teieplikterklæring
  • Nokon av stillingane krev ein politiattest (ikkje eldre enn 3 månader)

I søknaden inkluderer du:

Kva for nokre veker du kan jobbe i vekene: 26-32 - OBS: Du kan berre søkje om 3 samanhengande veker!

Du vel 3 alternativ for sommarjobb, og set dei opp i prioritert rekkefølge

Arbeidsgjevar fordelar søkjarar til arbeidsstad og arbeidsperiode etter behov. Det er derfor ingen garanti for at vi kan oppfylle alle ønska


Kven ser vi etter?
  • Blir glad av å jobbe med mennesker
  • Likar å samarbeide
  • Stiller punktleg/presis

Me tilbyr
  • Ein meiningsfull jobb
  • Tre samanhengande veker sommarjobb
  • God opplæring
  • Arbeidsleiar som følgjer deg opp gjennom hele arbeidsperioden
  • Ein fadder
  • Informasjonsmøte der vi fortel kva arbeidet inneber, våre forventningar og du fortel kva du forventar
  • Nyttig arbeidserfaring på din CV
  • Teste ut eit yrke

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg
Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
388793218
Sist endret
20. jan. 2025 08:46