Off. godkjent sjukepleiar, vikariat
- Arbeidsgiver
- Korttidsavdelinga, Ørstaheimen
- Stillingstittel
- Off. godkjent sjukepleiar Korttidsavdelinga
- Frist
- 23.02.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Er du på jakt etter nye utfordringar? Vil du vere ein del av dei nye helse- og omsorgstenestene? Då er Kortidsavdelinga noko for deg!
I Ørsta kommune, tenesteområdet omsorg og sjukeheim, har vi frå d.d. til 17.8.2025 ledig 100 % vikarstilling som sjukepleiar med moglegheit for lenging.
Korttidsavdelinga er ei spennande avdeling å jobbe i. Her er god dekning med sjukepleiarar, og eit godt fagmiljø. Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga. Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augeblikkeleg tilbod til pasientar som treng det. Vi har ein variert kvardag der det kan vere behov for at vi utfører til dels avansert og teknisk sjukepleie.
Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring.
Du må kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men vil også få støtte frå dyktige kollegaer. Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og samarbeid, som har eit godt humør og evne til å arbeide i eit miljø prega av omstilling og utfordringar
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du kan få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning, ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt og god balanse mellom arbeid og fritid. Korttidsavdelinga har 16 rom.
Som medarbeidar på Kortidsavdelinga vil du få nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom fagdagar, e-læring og kurs. Vi er i oppstartfasa med å etablere sjukepleieteam.
Arbeidsoppgåver
- Vi gir eit allsidig tilbod innan kartlegging, rehabilitering, avlastning, behandling av akutt sjukdom, palliativ pleie mm.
- Sjukepleiefaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
- Sjukepleietudentar i utdanningsforløp, kan også søkje og verte vurderte for stillinga
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring
- Fleksibel
- At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidseigenskapar
- At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- God arbeidskapasitet og stabilitet vert vektlagd
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsi all skriftleg kommunikasjon
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Faste fagdagar
- Moglegheit for å jobbe langvakter
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 -stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar
Arbeidsvilkår:
Dag/kveld inkl. helgar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Prøvetid i faste stillingar er 6 månadar, der fråvær går til fråtrekk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Marit Steinnes, Konstituert avdelingsleiar Korrtidsavdelinga, 480 70 965, marit.steinnes@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4900067550
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 388820296
- Sist endret
- 13. jan. 2025 02:23
Mer som dette
