Sommarvikarar
- Arbeidsgiver
- Helse og omsorg
- Stillingstittel
- Sommarjobb 2025
- Frist
- 16.02.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vil du vera sommarvikar hos oss i sommar?
Me treng sommarvikarar i perioden 16. juni - 10. august 2025.
Du får ein meiningsfull sommarjobb med varierte arbeidsoppgåver og nyttig arbeidserfaring. Du vil samarbeida med- og læra mykje av erfarne og dyktige kollegaer.
Sommarvikarane våre får felles informasjon før tiltreding. Det vert fysiske kurs i forflytning, digitale kurs via KS-læring og individuell opplæring på arbeidsstaden.
Send oss nokre ord om deg sjølv og skriv i søknaden prioritert rekkefylgje kva type teneste og avdeling du ynskjer sommarjobb i. Du må også skriva kva tidsrom du kan arbeida i og kor stor stilling du ynskjer.
NB! Me prioriterer etter kvalifikasjonar og dei som vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir.
Me treng sommarvikarar på følgande stader:
> Tenester til heildøgns omsorg
– me har institusjonar som Toloheimen og Øysteseheimen og heildøgns omsorgsbustader som Tolo omsorg, Mikkjelsflaten omsorg og Strandebarm omsorg.
> Tenester til menneske med utviklingshemming
– me er organisert i tre grupper: bufellesskap Øystese, Kalhagen bufellesskap og ambulante tenester og Tolomarka omsorg og avlastning.
>Tenester til heimebuande
– me treng ferievikarar ved Korttidsavdelinga på Toloheimen (KRB), Kvam heimeteneste (heimesjukepleien), Natt-tenesta (som gjev tenester til heimebuande, brukarar i institusjon og menneske med utviklingshemming) eller ved Dagsenteret i Øystese, som gjev aktivitetstilbod på dagtid.
Vil du vite meir om sommarjobb hos oss, sjå under Kontaktinformasjon i utlysinga og kontakt med leiar i den tenesta du ynskjer å jobba.
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon eller heildøgns omsorgsbustad, korttidsavdelinga, heimebuande, på natt og til menneske med utviklingshemmingKvalifikasjonar
Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
Vernepleiar/vernepleiarstudent
Helsefagarbeidar
Pleiemedarbeidar
Me prioriterer dei som:
Er over 18 år
Vil arbeida samanhengande 5 veker eller meir
Har interesse for, og/eller erfaring frå omsorgsarbeid
NB! Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Serviceinnstilt og engasjertFleksibel og løysingsorientert
Likar utfordringar i arbeidet
Møte andre menneske på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull sommarjobb
- Verdifull og nyttig arbeidserfaring
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Ekstra bonus til sjukepleiarar og vernepleiarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Kontaktinformasjon
Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215
Kjersti Hanssen, Leiar Tenester til heimebuande, 482 08 990
Arbeidsstad
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4904502994
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 16.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 50
- Sted
- 5600 Norheimsund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 388963058
- Sist endret
- 14. jan. 2025 02:10