Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Strandebarm omsorg
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
28.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søk jobb som helsefagarbeidar i Strandebarm omsorg!

  • 80 % fast stilling ledig frå 1. april 2025
  • Stilling med arbeid natt og kveld, turnusarbeid for tida etter årsplan med arbeid tredje kvar helg

Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me held til i heilt nytt omsorgssenter i Strandebarm.  Vil du vite meir om oss les her:Strandebarm omsorg

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. 


Arbeidsoppgåver

Pleie og omsorgsoppgåver i institusjon og heimebaserte tenester, med arbeid på kveld og natt. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Må ha førarkort på bil

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og sjølvstendig i arbeidet
  • Du må ha positiv innstilling 
  • Vera serviceinnstilt, engasjert, ta ansvar og vera løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Variert arbeid både inne i institusjon og ute i heimetenesta
  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale  og lokalt lønnsystem
  • Gode pensjons-/ forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408

Liv Berit Bru Eide, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408

Arbeidsstad

Strandebarmvegen 530

5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad


Referansenr.: 4904906212

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.04.2025

Søknadsfrist: 28.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Strandebarmvegen 530, 5630 Strandebarm
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
388968346
Sist endret
14. jan. 2025 01:27