Sommarvikarar 2025

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sone BBD. Sommarvikarar 2025
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Sommarvikarar 

Ute er det surt, men me har begynt å tenkje på sommarturnusen;)

Gulen kommune har behov for ferievikarar sommaren 2025 i sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD). Søkjarane må skrive i søknaden om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar, samt om ein ynskjer å jobbe i spesielle avdelingar (Brekke, Byrknes eller Dalsøyra). I hovudsak er det snakk om arbeid i perioden: veke 25- 33.

Kommunen har, for tida, ekstra tillegg på helg.


Arbeidsoppgåver 
  • Pleie og omsorg i heimetenestene

Kvalifikasjonar 
  • Vi ynskjer sommarvikarar som vert motivert av å gje ein god og stabil kvardag for bebuarane og alle er velkomne til å søkje; både med og utan helsefagleg bakgrunn. Det vil verte gjeven opplæring. Søkjarar med helsefagleg bakgrunn/utdanning vil verte prioritert.
  • Dei som skal jobbe i heimetenestene må ha førarkort klasse B 
  • Må kommunisere godt på norsk - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 
  • Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøteneste, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Sektor
Offentlig
Sted
Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
389088759
Sist endret
15. jan. 2025 11:00