Tilkallingsvikar til Osterøyskulen 8.-10.trinn
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar til Osterøyskulen (8.-10.trinn)
- Frist
- 22.06.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Osterøy kommune har ein kommunal ungdomsskule som ligg på Hatland, like ved kommunesenteret i Lonevåg.
Osterøy ungdomsskule har kontinuerleg behov for trygge og stabile vaksne for å sikre at elevane får ein trygg, god og kjekk skulekvardag.
Ved å søkje på denne stillinga søkjer du som tilkallingsvikar ved Osterøy ungdomsskule. Ønskjer du å søkje som tilkallingsvikar ved barneskulane våre, er det ei eiga utlysing for dette.
Arbeidet kan bestå av både undervisning og arbeid som pedagogisk medarbeidar i skule.
Har du særleg kompetanse eller erfaring frå arbeid i skule ønskjer vi gjerne at du gjer greie for dette i søknaden din.
Vi vil fortløpande ta kontakt med aktuelle kandidatar etter kvart som behovet for vikar oppstår. Om du ikkje lenger ønskjer å stå på lista som tilkallingsvikar ber vi om at du trekkjer søknaden din eller gjer oss melding om at du ikkje lenger er tilgjengeleg.
Velkomen som jobbsøkjar i Osterøyskulen! Me gler oss til å bli kjent med deg!
Ønskja kompetanse hjå deg som vikarErfaring frå arbeid med barn og unge, særleg i skule, er ønskjeleg men dette er likevel ikkje eit krav.
Vi ønskjer både søkjarar som har utdanning som lærar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller tilsvarande. Har du ikkje den formelle kompetansen, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge, ønskjer vi også å kome i kontakt med deg.
Vi ønskjer vidare å kome i kontakt med deg som har andre relevante utdanningar og vi tar og gjerne i mot deg som er høgskulestudent i pedagogisk retta fag.
Personlege eigenskaper vi ser etterVi søkjer etter deg som har eit ønskje om å arbeide med barn og unge og som trivast i rolla. Om du kan arbeide sjølvstendig, ta ansvar men og arbeide godt i team og er god på samarbeid, er dette eigenskapar som vil gå godt overens med arbeidet.
Arbeid i skule krev både tolmod men likefullt engasjement, kreativitet og positivitet! Vi er både ute og inne og ser etter deg som tar ei utfordring på strak arm og som bidrar der det trengs! Er du fleksibel på arbeidstider og kan kome på kort varsel er dette eit stort fortrinn.
Vi tilbyr deg- Gode arbeidsmiljø og kjekke kollegaer
- Ein utviklingsorientert organisasjon
- Uavhengig av kva for skule du arbeidar på, har skulen fokus på elevsyn som er tufta på fagfornyinga sin overordna del
- Skulane har fokus på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse
- Det er gode pensjonsvilkår i SPK (undervisningsstilling) og KLP(fagarbeidar/pedagogisk medarbeidar/assistent).
- Det er gode forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune! Desse er for tida plasserte hjå KLP
- Løn etter gjeldande avtaleverk. Vi har eigne ordningar for deg som er lærarstudent!
. Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Anna informasjonAlle søknadar skal registrerast gjennom JobbNorge.
Dersom du får tilbod om stilling i Osterøyskulen må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Opplæringslova § 17-11. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar på tiltredingstidspunktet.
Eventuelle vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidserfaringar må leverast til postmottaket ved tilbod om stilling, dersom du ikkje har lasta opp dette som vedlegg i søknaden din, slik at det vil bli gjort ei individuell vurdering av rett lønsnivå for deg med di erfaringsbakgrunn og utdanningsnivå!
Du er velkomen til å ta kontakt med ein av kontaktpersonane våre for ein kjekk prat. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 10
- Sted
- Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 389088968
- Sist endret
- 15. jan. 2025 01:50