Karriere i Helse Bergen? Sjukepleiar og vernepleiar frå sommaren 2025 ved Avdeling for rusmedisin 

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar og vernepleiar. Faste stillingar frå sommaren 2025 ved Avdeling for rusmedisin
Frist
31.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin 

Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer; ambulant og poliklinisk behandling, legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og ulike typer døgnbehandling - avrusing, stabilisering, medikamentfri behandling og kjønnsdelt behandling. Avdelinga tilbyr også tvang etter HOL. Forutan dei ni kliniske seksjonane har avdelinga ein seksjon for forsking og eit kompetansesenter innan rusfeltet- KoRus, i tillegg til andre utviklings- og forskingsprosjekt integrert i behandlinga.  

Vi har ledig faste stillingar frå sommaren ved følgande avdelingar: Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet. 

*  AFR Heroinassistert behandling (HAB) 
*  AFR Tertnes  
*  AFR Korttidspost Engenhuset  (tidlegare AFR Skuteviken) Les meir her Flytting til Engenhuset        
*  AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) 

Kandidatar som startar i stillinga vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Avdeling for Rusmedisin (AFR), pt i sommarturnus ved ein av våre avdelingar. Frå hausten 2025 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved ein av AFR sine mange spennande avdelingar. Vidare arbeidsstad vil bli avtalt nærare i dialog med med den tilsette og AFR
v/ Irene Tveit Kjellerød. Her kan du lese meir om AFR 

Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.


Arbeidsoppgåver

AFR Heroinassistert behandling (HAB) har turnus 08 - 17.30 alle dagar inkl. helg.

AFR Tertnes - Kvinneposten (KP): 2-delt turnus og kvar 3. helg. Familiambulatoriet (FA): 2-delt turnus med ambulant arbeid i tverrfagleg team og 3. kvar helg på Kvinneposten.

AFR Korttidspost Engenhuset - 2-delt turnus, kvar 3. helg. 

AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har dagarbeid, kvar 4. eller 8. laurdag

Kvalifikasjonar (overskrift)

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av pasientar, individuelt tilpassa miljøterapi, skape struktur i kvardagen, aktivitet og støttesamtalar
  • Tverrfagleg samarbeid i team med oppfølgingsansvar som primærkontakt
  • Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient


Kvalifikasjonar:

  • Du har norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar eller vil få autorisasjon ila våren 2025
  • Ønskeleg med erfaring innan fagfelta Psykiatri og/ eller Rus
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Personelege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse                                                                                                                                                                                           
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Irene Tveit Kjellerød, Avdeling for Rusmedisin, 93840444, irene.tveit.kjellerod@helse-bergen.no

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4907240787

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
389111050
Sist endret
15. jan. 2025 01:19