Sommarvikar ved Gulen legekontor
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Sommarvikar ved Gulen legekontor
- Frist
- 02.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% mellombels stilling (ferievikar) som helsesektretær/legesekretær i Gulen kommune frå juni til ut august 2025. Oppgåvene vert knytt til kontorstad i Eivindvik ved Eivindvik legekontor. Søkjarane må skrive i søknaden om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar.
Har du helsefagleg bakgrunn eller held på med ei helsefagleg utdanning, så vil me gjerne at du sender oss ein søknad.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene vil verte tilpassa søkjaren sin kompetanse. Publikumsmottak (telefon/skranke) og andre kontorrelaterte arbeidsoppgåver vil vere hovudoppgåva, men andre oppgåver innan laboratoriearbeid/andre oppgåver kan også vere aktuelt.
Me tilbyr- Spanande arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Triveleg arbeidsmijlø
- Løn etter tariff
- Me ynskjer søkjarar som kommuniserer godt med pasientar/kollegaer, så utdanning/erfaring innan arbeid med helse/menneske vil vere ein fordel
- Må beherske norsk godt; både munnleg og skriftleg
- Må ha god erfaring med bruk av dataverktøy
- Er fleksibel, strukturert og kommuniserer/samarbeider godt med pasientar og kollegaer
- Bidrar til godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell
- FINN-kode
- 389125109
- Sist endret
- 16. jan. 2025 09:16
Mer som dette



