Ferievikar reinhaldsteam

Arbeidsgiver
Sande kommune
Stillingstittel
Ferievikar reinhald
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

I samband med ferieavvikling søkjer Sande kommune vikarar til reinhaldsteamet vårt. Reinhaldsteamet er organisert under Teknisk sektor og er leia av ein eigen fagkoordinator. Teamet har ansvar for reinhald av alle kommunen sine bygg, til dømes sjukeheimen, skular, barnehagar, bibliotek, legekontor og rådhuset med meir. 

Har du lyst på ein variert og kjekk sommarjobb? Då inviterer vi deg til å søkje stilling som ferievikar! 

Hovudferien vert avvikla mellom veke 25 og 32. Det er mogleg å arbeide heile eller delar av perioden. I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og når du eventuelt treng fri i sommar. Søknadane vert vurderte ut i frå behov og ønske. 


Arbeidsoppgåver

Som ferievikar skal du utføre reinhald ved kommunen sine bygg.

Det vert gitt god opplæring. 

Kvalifikasjonar

  • Du bør helst fylle 18 år i 2024, men yngre søkjarar kan verte vurderte. 
  • gode muntlige norskkunnskaper
  • personlig eigenskapar vektleggast

Personlege eigenskapar

Du må

  • vere pliktoppfyllande og sjølvstendig
  • vere fleksibel
  • samarbeide godt med andre
  • ha lyst til å lære
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • ein spennande og utfordrande sommarjobb
  • eit triveleg arbeidsmiljø
  • læring og erfaring
  • tilsetjing i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale

Kontaktinformasjon

Monika Burger, Fagkoordinator, 96813400

Kjell Martin Vikene, Teknisk sjef, +47 90882170

Arbeidsstad

Prestegardsvegen 31

6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune


Referansenr.: 4906904256

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Startdato: 16.06.2025

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Prestegardsvegen 31, 6084 Larsnes
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
389205381
Sist endret
16. jan. 2025 11:10