
ID 972 - 975 FERIEVIKARAR 2025
- Arbeidsgiver
- Fitjar Kommune
- Stillingstittel
- sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, assistent, kokk, reinhaldar
- Frist
- Snarest
Beskrivelse
Periode: veke 25 til og med 32
Når du søkjer så velger du å legge inn søknad å legge inn søknad der du ønsker å jobbe:
-
ID 972 Ferievikarer 2025 Pleie, kjøkken, reinhald og vaskeri ved Fitjar bu- og behandlingssenter
-
ID 973 Ferievikarer 2025 Heimesjukepleie, Havnahuset inne og ute tenester
-
ID 974 Ferievikarer 2025 Legesenteret, kontorpersonell
-
ID 975 Ferievikarer 2025 Habilitering, Gartnartunet, Øverbygda, Havnahuset, medlevar (Havnahuset)
Om du finn meining og tilfredsheit i å hjelpa andre mennesker og søker etter måtar å forbedre kvardagen deira på så oppfordrar me deg å søke sommarjobb innan helse.
ferievikar i desse tenestene inneber turnusarbeid dag, kveld, natt, arbeid anna kvar helg- og langturnusordning, ein avdeling med døgnturnus. Det vert gitt tillegg for arbeid på kveld/natt og laurdag/søndag.
Arbeidsstad:
-
Avdeling i Havnahuset, habilitering
-
Avdeling Gartneritunet og bustad i Øvrebygda, habilitering
-
Medlevarturnus (døgnturnus), habilitering
-
Heimesjukepleie utetenester og innetenester på Havnahuset
-
Sjukeheim
Me søker deg som:
-
Fyller 18 år i nær framtid og har interesse for omsorgsarbeid.
-
Sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar innan relevante fag, studentar og assistentar
-
Har førarkort
-
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
-
Viser omsyn og respekt.
-
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og pårørande.
-
Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.
-
Viser forståing for andre.
-
Viser ansvar og er påliteleg.
For spørsmål kontakt einingsleiar i Habilitering Lillian Kongestøl Vik tlg 96040369, libe@fitjar.kommune.no eller einingsleiar sjukeheim og heimebaserte tenester Olav Sande tlf 93609390, olasan@fitjar.kommune.no
FERIEVIKARAR 2025 REINHALD OG KJØKKEN FITJAR SJUKEHEIMHar du ein lidenskap for matlaging så tilby me ein spennande sommarjobb der du får moglegheita til å jobbe i vårt kjøkken ved Fitjar bu- og behandlingssenter i lag med kjøkkenpersonalet Du vil vere med på å lage næringsrike og smakfulle måltid til våre innbyggjarar.
Har interesse for reinhald så treng me vikarer som kan vera med på å halde det reint og triveleg for våre pasientar/bebuarar på Havnahuset, heimetenestene og Fitjar bu- og behandlingssenter
Sommarjobb på reinhald og kjøkken inneber kun arbeid på dag.
Me søker deg som:
-
Har fylt 16 år, skuleelvar, studentar eller andre med interesse.
-
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
-
Viser omsyn og respekt.
-
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper
-
Viser ansvar og er påliteleg.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med Einingsleiar Olav Sande, tlf: 9360 9390 eller kjøkkensjef Ann Kristin Gloppen tlf 99231909, angl@fitjar.kommune.no
FERIEVIKARAR FITJAR LEGESENTERFitjar kommune søker ferievikarer til legesenteret og ser etter personer som er trygge, omsorgsfulle, og kan kommunisere godt med både pasienter og kolleger. Ved legekontoret er det tilsett fastlegar i nordsjøturnus og ordinær turnus.
Me søkjer deg som:
-
Er autorisert sjukepleiar, Sjukepleiarstudentar, Helsesekretær, medisinstudentar.
-
Har gode kommunikasjonsferdigheitar
-
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
-
Viser omsyn og respekt.
-
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og pårørande.
-
Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.
-
Viser forståing for andre.
-
Viser ansvar og er påliteleg.
Arbeidsoppgåver:
-
helsesekretæroppgåver.
-
Betjening av telefon.
-
Prøvetaking.
-
Assistera legane ved undersøkingar og liknande.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Anne- Kristin S. Rydland tlf: 976 53 988. (eventuelt 915 97 793/ 53 45 71 90)
Fitjar kommune tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og triveleg miljø.
Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i kommunal sektor.
Oppgje i søknaden:
-
kva tidsrom du ynskjer å arbeide. Ein gjer merksam på at behovet for ferievikarar kan variera i ferietida. Søkjarar som kan jobbe i 5 veker eller heile perioden vil bli prioritert.
-
Kva stillingsbrøk du ønsker. Dersom ein er under 18 år er det ikkje mogleg å jobbe turnus i 100%. Me ønsker personar i ulike stillingsbrøkar, frå omlag 50 til 100%. Kva ein får blir bestemt ut frå utdanning, ønske, alder og behov.
-
Om du har førerkort
Tilsette må leggja fram politiattest av nyare dato ved tilsetjing
Tilsetting skjer fortløpende
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 40
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 389244518
- Sist endret
- 16. jan. 2025 12:25
Mer som dette



