Faste helgestillingar

Arbeidsgiver
Bømlo heimeteneste
Stillingstittel
Faste helgestillingar
Frist
30.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bømlo heimeteneste har ledige helgestillingar. Me søkjer etter assistent, helsefagarbeidar og sjukepleiar for følgjande stillingar:

  • Helgestilling med arbeid kvar 3. helg.
  • Helgestilling med arbeid kvar 4. helg.
  • Langvakter eller helgestilling etter nærare avtale/"ønsketurnus".

Oppstart etter avtale. 

Tenesta vår organiserer tilbod om heimesjukepleie, matombringing, heimerehabilitering, praktisk bistand, velferdsteknologi bl. a. tryggleiksalarmar og elektroniske medisindispenserar, dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse. 

Mål for heimetenesten er at flest mogleg av brukarane får hjelp/bistand til å meistre eige liv i eigen heim eller anna tilrettelagt bustad.


Arbeidsoppgåver og meir om oss

Heimetenesten er inndelt i tre geografiske soner, sone sør, sone aust og sone sentrum. Me jobbar i team med stor grad av sjølvstendighet og med pasientsikkerhet i fokus. Kvardagen er variert, og me samarbeider tett med ulike fagmiljøer internt i kommunen som fastlegane, korttidsavdelingen, tenestekontoret, ergo/fysio, psykisk helse og fleire område i spesialisthelsetenesten. Me brukar digitale løysingar som mobil omsorg/profil og har eit auka fokus på implementering av velferdsteknologiske løysingar.

Hos oss vil arbeide med:

  • Personretta hjelp, heimerehabilitering, matombringing og praktisk vegleiing.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Helgestilling er aktuell for sjukepleiar, helsefagarbeidar eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
  • Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning vert og oppfordra til å søkje. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
  • Førarkort.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Du må trivast med variert arbeid, lika ein viss grad for uforutsigbarhet og til tider dagar med høgt arbeidstempo.
  • Kunna bidra til ein positiv kultur og eit godt arbeidsmiljø.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Helgestilling etter nærare avtale/"ønsketurnus".
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
     .

Andre opplysingar

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Hilde, May Linn, Elin eller Inger Lise.

Kontaktinformasjon

Inger Lise Agasøster, Avdelingsleiar, 907 59 539

May Linn Bortne, Avdelingsleiar, 91763643, may.linn.bortne@bomlo.kommune.no

Elin Akse Vik, Avdelingsleiar, 412 48 119, may.linn.bortne@bomlo.kommune.no

Hilde Markhus, Verksemdsleiar, 909 49 278

Arbeidsstad

Leirdalen 1

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4906258463

Stillingsprosent: 18%

Fast

Søknadsfrist: 30.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
389264648
Sist endret
17. jan. 2025 06:43