Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
- Stillingstittel
- Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
- Frist
- 09.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Medisinsk sengepost, Nordfjord sjukehus har ledig fast 100% stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar.
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod.
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, overvaking og oppfølging av pasientar
- Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
- 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter spesialsjukepleiar (intensiv/anestesi) eller sjukepleiar med ønskje om å ta vidareutdanning innan intensiv/anestesi
- Erfaring frå intensiv/intermediær overvakingsavdeling er ønskjeleg
- Det er ønskjeleg med relevant kunnskap innan medisinsk teknisk utstyr og IKT-system
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Skålbones, Einingsleiar, (+47) 977 02 704Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4907179053
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 389267858
- Sist endret
- 17. jan. 2025 06:48