Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Faste stillingar for helsefagarbeidar
- Frist
- 05.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Det er ledig stilling ved desse avdelingane:
- Medisinsk klinikk: Seksjon for blodsjukdommar
- Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk avdeling
- Ortopedisk klinikk: Ortopedisk avdeling
- Barne- og ungdomsklinikken: Buk Medisin B
- Psykiatrisk klinikk: Avdeling for Stemningslidingar (S1)
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
For stillingane er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 Nord har ledig faste stillingar i 3-delt turnus og 3. kvar helg.
Vi behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Vi har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Arbeidsoppgåver vil vere pleie, omsorg og oppfølging av pasientar med hematologiske sjukdommar . Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar. I tillegg blir blodprøvetaking ein del av daglege arbeidsoppgåver. Kontakt: Ina K. Endregaard, Tlf 99498863
Gastrokirurgisk avdeling har ledig 100% faste stillingar i 3-delt turnus og 3. kvar helg.
Vi er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Det er svært lærerike postar med godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: Post 1: May-Britt Sudmann, Tlf. 90784700 eller Anette Haatuft Haugland.
Ortopedisk avdeling har eit breitt fagfelt med alt frå mindre til større traumatiske skader, ortopediske infeksjonar til landsdekkande funksjon for funksjonsforbedrande kirurgi. Med fire seksjonar kan vi tilby varierte arbeidsoppgåver og pasientgrupper. Helsefagarbeidarane hjå oss deler definerte arbeidsoppgåver med sjukepleiarane. På Ortopedisk avdeling er det godt arbeidsmiljø, med mykje humor. Det er tett samarbeid mellom alle postane som bidreg til eit godt og sosialt miljø. Vi har stort fokus på at vi skal trivast på jobb. Vi jobbar heile tida for å bli betre, og det er trygt og seie frå om det ein har på hjartet. Vi har tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.
Buk Medisin B har regionalt ansvar for pasienter med kreft- og blod sykdommer i Helse Vest og vi tar imot barn og ungdom i alderen 0-18 år. Vi er en syv døgns sengepost. Pasientene innlegges på vår seksjon til utredning og behandling. Vi tar imot både elektive og ØH innleggelser. Dersom du jobber hos oss blir du spesielt god på å se hele pasienten og familien, samt arbeide tverrfaglig. Du vil bli inkludert i et godt og ivaretakende arbeidsmiljø, hvor vi har også har stort fokus på det sosiale. Vi har tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Kontakt: Hilde Hagen, Tlf: 95521196.
Avdeling for Stemningslidingar (S1) har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og arbeid kvar 3. helg. Eigne nattevakter.
Seksjon S1 tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi søker ein helsefagarbeidar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958722
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus eller onkologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
Vi ser etter:
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
Vi tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4907881238
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 6
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 389343513
- Sist endret
- 29. jan. 2025 06:09