Lærar, i inntil 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% fast stilling som lærar frå snarast
Frist
07.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga 

Kom og jobb som lærar i Gulen kommune! Byrknes barnehage og skule søkjer etter i inntil 100% fast stilling som lærar frå snarast. Sjå punktet "arbeidsoppgåver/kompetanse" for meir informasjon om stillinga. 

Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her og sjekk ut eininga. Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne er avgjernade for ein god skulekvardag. 

 Ta gjerne kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga. 


Arbeidsoppgåver/kompetanse 

Byrknes barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Akkurat no er behovet størst for kompetanse innan undervisning på ungdomsskulen. 


Personlege eigenskapar 
  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Sektor
Offentlig
Sted
Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
389372341
Sist endret
17. jan. 2025 12:34