Helgestillingar og tilkallingsvikarar ved Seljetunet
- Arbeidsgiver
- Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune
- Stillingstittel
- Helgestillingar og tilkallingsvikarar ved Seljetunet
- Frist
- 02.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du interessert i å arbeide med mennesker og helsefaget? Er du under utdanning eller på utkikk etter nye utfordringar?
Seljetunet omsorg og rehabilitering i Stad kommune har fleire ledige helgestillingar og har behov for tilkallingsvikarar. Stillingane er ledige frå dags dato.
Seljetunet utfører tenester til bebuarar i institusjon og bufelleskap. Seljetunet har totalt 47 plassar der 31 rom er for langtidsopphald i institusjon og 16 bemanna omsorgsbustadar. Vi har tre avdelingar for langtidsopphald, der den eine avdelinga er spesielt tilpassa bebuarar med behov for skjerming i kvardagen. I tillegg har eininga avlastingsopphald og korttidsopphald. Seljetunet har eige institusjonskjøkken som og leverer mat til heimebuande i ytre del av Stad kommune
Vi er opptekne av å utvikle tenestene i tråd med nasjonale føringar for morgondagens eldreomsorg. Vi arbeider målretta med kompetanseutvikling og eit best mogleg arbeidsmiljø for våre tilsette og legg vinn på god livskvalitet for bebuarane.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre faglege oppgåver, omsorg og behandling
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinje
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar
- Lærlingar, studentar innan helsefaglege utdanningar kan gjerne søkje.
- Er du vernepleiar - eller sjukepleiestudent er det mogleg å få stipendordning med kommuna.
- Andre med interesse for eldreomsorg kan og søkje
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Fokus på etikk
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Politiattest skal leggast fram før start i stillinga
- Om du ynskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar så vil vi prøve å legge tilrette for det
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Stine Fylling, avdelingsleiar Seljetunet, 984 82 449, stine.fylling@stad.kommune.noHeidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 480 45 210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4907496277
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 02.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- 6740 Selje
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 389391664
- Sist endret
- 17. jan. 2025 01:18