Ferievikarar ved Valderøy omsorgsdistrikt sommaren 2025

Arbeidsgiver
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Stillingstittel
Ferievikarar ved Valderøy omsorgsdistrikt sommaren 2025
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Valderøy omsorgdistrikt frå 23.06. – 17.08.2025.

Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:

  •  sjukepleiarar, vernepleiarar, og andre relevante helse- og sosialfaglege høgskuleutdanningar.
  •  helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning
  •  sjukepleie- og legestudentar
  •  assistentar  

Aktuelle arbeidsplassar er Giske omsorgssenter og heimebasert omsorg. Giske omsorgssenter består av to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling. 

Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs å skriv i søknaden om du ønskjer bonusavtale!

Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det blir tilsett fortløpande i stillingane.

Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.


Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
  • God digital kompetanse.
  • For tilsette i heimebasert omsorg/praktisk bistand er det krav om førarkort klasse B.
  • Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
  • Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2025, men per i dag gjeld følgjande:

Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 382 500,- til kr 479 700,- etter ansiennitet.
sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet. Dersom løn og tillegg overstig fagarbeidarløn med 16 års ansiennitet vert tillegget redusert tilsvarande maksimal løn på fagarbeidarstigen.
Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som er i siste studieår (påbegynt 5. året) får gjeldande sjukepleieløn, men minimum kr 300,- per time.
Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.

Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Bonusordning:
Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 15 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.

    Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

    Kontaktinformasjon

    Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318

    Iren Hovlid, avdelingsleiar heimebasert omsorg, 41702314

    Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316

    Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535

    Arbeidsstad

    Valderøya

    6050 VALDERØYA

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Giske kommune


    Referansenr.: 4904855963

    Stillingsprosent: 100%

    Vikar

    Søknadsfrist: 03.03.2025

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Valderøya, 6050 Valderøya
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
    FINN-kode
    389398061
    Sist endret
    17. jan. 2025 02:08