Er du assistent eller helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar ved somatisk avdeling
- Frist
- 31.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.
Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar som vil jobba fast helg ved somatisk avdeling på Osterøytunet. Det er også moglegheit for vikariat. Meir informasjon om stillinga får du ved å henvenda deg til kontaktpersonen vår. Stillingane ved somatisk avdeling variere fra 14,79% til 17,37%, med kvar 3. helg eller kvar 4. helg. Det vil verte moglegheit for ekstravakter.
Kven søkjer vi etter?
Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre med ulik grad av omsorgsbehov. Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg!
Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling
- God opplæring
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus (kvar haust)
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Praktiske oppgåver i avdelingene
- Bistand og rettleing ut frå pasientens behov
- Målretta miljøarbeid
- Bruk av digitale plattformer og journalsystem
Kvalifikasjonar
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Fagbrev som helsefagarbeider er ynskjeleg, men andre kan også søkja
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Personleg egnaheit vil verte vektlagt
- Grunnleggjande IT- Kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 389414823
- Sist endret
- 20. jan. 2025 07:06