Sommervikar som reinhaldar

Arbeidsgiver
Husøkonomi avdeling, Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Reinhaldoperatør
Frist
02.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Lyst på ein sommarjobb der du kan gjere ein forskjell?

Hos oss får du jobbe med reinhald, sengesentral og tekstilforsyning i eit miljø med heile 13 ulike nasjonalitetar.

Me søkjer etter 5 engasjerte ferievikarar som kan bidra til at pasientar og tilsette får eit trygt og reint sjukehusmiljø kvar dag. Avdelinga har ansvaret for reinhald og tekstilforsyning i store delar av sjukehuset – ei viktig og omfattande oppgåve.

Arbeidet følgjer ein 4 vekers turnus med dagarbeid, ei veke kveld og kvar fjerde laurdag.

Kan du ikkje jobbe heile perioden? Ingen problem – stillingane kan delast opp.

Er dette sommarjobben for deg? 👉 Klikk på lenka og søk på stillingen!   


Arbeidsoppgåver

  • Reinhald av sjukehusets avdelingar og fellesareal
  • Reingjering og oppreiing av senger
  • Betjene internvaskeri
  • Vi nyttar maskinelle og manuelle metodar
  • Vi arbeider ut i frå digitale planer som registerer utførte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Skuleelevar med byggfag oppfordrast til å søkje
  • Må munne godt norsk

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider både sjølvstendig og i team
  • er positiv, åpen og sosial
  • har god arbeidskapasitet
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Opplæring etter gjeldande standardar
  • Mogleghet for personleg og fagleg utvikling
  • God pensjonsordning, 2% pensjonstrekk. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø i ein variert og travel arbeidskvardag

Kontaktinformasjon

Ionela Asanache, Funksjonsleiar, ionela.asanache@helse-fonna.no

Jarle Reinertsen, Avdelingsleiar, jarle.eivind.reinertsen@helse-fonna-no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4907820488

Stillingsprosent: 100%

Anna

Startdato: 01.06.2025

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 02.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
389858397
Sist endret
26. mars 2025 11:41