Sommarjobb på sentralbord og resepsjon

Arbeidsgiver
Service og logistikk avdeling, Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Sentralbord/Resepsjon
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du over 18 år og ønskjer ei viktig og spanande rolle i sommar?

Vi søkjer ein serviceinnstilt og strukturert sommarvikar til sentralbord og resepsjon ved Haugesund sjukehus i perioden fra og med veke 24 og til og med veke 32 - 2025.

Hos oss får du:

  • Erfaring frå ei viktig rolle i helsevesenet.
  • Moglegheiter til å utvikle dine ferdigheiter innan kommunikasjon og service.
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer.

Vi vil prioritere deg som kan jobbe heile sommarperioden. Opplys i søknaden om hvilken periode du kan jobbe. Stillinga innebære turnusarbeid (dag/kveld/natt/helg).

 

  • Opplys i søknaden om hvilken periode du kan jobbe. Personar som kan jobbe heile perioden vil bli prioriterte.
  • Stillingen innebærer turnusarbeid (dag/kveld/natt/helg).
  • Stillingsprosent kan variere, og kan i noen tilfeller avtales. 

Er du klar til å være med? 👉 Søk no og bli ein del av Haugesund sjukehus sitt sommarteam!


Arbeidsoppgåver

  • Betene sentralbord/resepsjon og hjelpe innringarane med spørsmål
  • Ta imot pasientar og besøkande i resepsjonen med eit smil.
  • Sikre god kommunikasjon mellom avdelingane.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå serviceverksemd
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet

Det vil bli lagt stor vekt på relevant erfaring og personlige eigenskapar

Personlege eigenskapar

    Vi ser etter deg som:

    • er serviceorientert og likar å hjelpe andre
    • har god orden og kan handtere fleire oppgåver samtidig.
    • er over 18 år og ønskjer å bidra i ferieperioden.
    • er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte.
    • har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
    • tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
    • har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold

    Vi tilbyr

    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Triveleg arbeidsmiljø

    Kontaktinformasjon

    Jens Ove Hovda, Avdelingsleiar, +47 52732922

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


    Referansenr.: 4909238621

    Stillingsprosent: 80%

    Vikariat

    Søknadsfrist: 09.03.2025

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    4
    Sted
    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    Stillingsfunksjon
    Kundeservice, Kontor og administrasjon, Annet
    FINN-kode
    389883397
    Sist endret
    16. feb. 2025 08:48