Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter

Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Stillingstittel
Sommarjobb BBH
Frist
31.05.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Vil du bli ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjere ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då er dette jobben for deg!

Me lyser no ut annonse for sommarjobb ved Bømlo bu- og helsesenter. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-32, og spesielt i juli/august månad. Søknadar vert vurdert fortløpande. 

Som sommarvikar kan du få utbetalt bonus. Les meir om bonusordninga under. 


Arbeidsoppgåver og litt om oss

Ved Bømlo bu- og helsesenter har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonen består av tre avdelingar: Korttid og rehabilitering (KOR), Post 1, og Post 2. I tillegg har me eige kjøkken og reinhaldsavdeling.  

  • KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 11 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
  • Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 25 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med blant anna lege og ergo-fysioterapitenesta. Post 1 Nord kan tilby langvaktsturnus til vikarar over 18 år som ønskjer å jobbe 2- 3 langvakter med påfølgjande friperiodar. 
  • Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag, og treng reinhaldsassistentar i sommar. 

Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre på Bømlo bu- og helsesenter. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.

Kvalifikasjonar

For arbeid på institusjon og i omsorgstenester må du helst ha fylt 18 år, men me kan vurdere søkjarar som er mellom 16- 18 år og som er under helsefagleg utdanning.

Me søkjer:

  • Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
  • Studentar og elevar innan relevant helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert. 
  • Assistentar til korttid- og og langtidsavdelingane.
  • Assistentar til reinhald.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre
  • Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull.  
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.

Me tilbyr

  • Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen.  For faste tilsette i tenestene våre som jobbar turnus i mindre stillingar vil ekstra vakter i ferieavvikling kunne utløyse ekstra kompensasjon. 

Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4. 

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica eller avdelingssleiarar Isabel, Chatrin og Leif Christian.

 

Kontaktinformasjon

Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar Post 2 Sør, 474 52 732

Leif Christian Andersen, Avdelingsleiar Post 1 Nord, 908 93 242

Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641

Monica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607

Arbeidsstad

Leirdalen 25

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4903885298

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 31.05.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
389900583
Sist endret
20. jan. 2025 02:04