Sommarjobb Legetenesta

Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Stillingstittel
Sommarjobb legetenesta
Frist
31.05.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Ynskjer du å gjera ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då har me ein spennande jobb til deg ved Legetenesta på Bømlo. 

Me søkjer deg som har høve til å jobba minst 6 veker, helst samanhengande, i juni/juli/august månad. Arbeid er på dagtid. 

Søknadar vert vurdert fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i mange av dei daglege oppgåvene på eit legekontor, blant anna:

  • Arbeid i resepsjon med å besvare telefoner og e-kontakt.
  • Laboratoriumarbeid med blodprøvetaking.
  • Skadestovearbeid med bl.a. injeksjoner.
  • EKG-taking og sårbehandling.

Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb. Du vil få introduksjon/opplæring, med høve for læring og utvikling.  

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Om Legetenesta
Legetenesta i Bømlo kommune er desentralisert og har i dag 15 legar fordelt på 3 kontor.

  • Øyane Helsehamn, Bremnes
  • Moster legesenter, Moster
  • Bømlo legekontor, Langevåg

Kontora er godt utstyrt og har stabil hjelpepersonelldekning med sjukepleiarar, bioingeniørar og helsesekretærar.
Målet med legetenesta i Bømlo kommune er å sikre befolkninga ei fagleg god og stabil legeteneste.

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer etter sjukepleiar, bioingeniør, helsesekretær eller studentar innan desse fagområda, samt legestudentar.  
  • For arbeid i legetenesta må du ha fylt 18 år.
  • Ein må vera villig til å arbeide ved to ulike kontor.
  • Sertifikat er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv og engasjert.
  • Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull. 
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du handterar ein travel arbeidskvardag.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Ein arbeidskvardag i moderne og gode lokaler.
  • Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
  • Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.

Anna informasjon

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4 

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kari Nes, koordinator i legetenesta. 

Kontaktinformasjon

Kari Nes, Koordinator/Spesialsjukepleiar, Kari.Nes@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 1

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4903836603

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 31.05.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
389905762
Sist endret
20. jan. 2025 02:18