Sommarjobb Teknisk drift
- Arbeidsgiver
- Bømlo kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb Teknisk drift
- Frist
- 31.05.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Avdeling for teknisk drift i Bømlo kommune søkjer no etter sommarvikarar. Kva med å kombinera sommaren med arbeid for nokon som verkeleg treng deg og din kompetanse?
Teknisk drift i Bømlo kommune spelar ein sentral rolle i å oppretthalde og utvikle ein fungerande og bærekraftig kommune. Teknisk drift har ansvaret for å sikre effektiv forvaltning og vedlikehald av infrastruktur og tekniske systemar. Dette inkluderer vegar, vatn- og avløpssystem, renovasjon, parkar, og offentlege bygningar. Deira oppgåver omfattar òg planlegging av nye prosjekt, miljøomsyn, og å handtere tekniske utfordringar som måtte oppstå.
Me søkjer deg som har høve til å arbeide minimum 8 veker i løpet av juni/juli/august månad. Søknadar vert vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Som sommarvikar i teknisk drift kan ein forvente følgjande arbeidsoppgåver:
- Maling
- Plenklipping
- Andre vedlikehaldsoppgåver.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast
Kvalifikasjonar
For arbeid på avdelinga teknisk drift må du ha fylt 18 år og ha førarkort klasse B. Det er fint om du har relevant utdanning eller erfaring frå liknande arbeid men det er ikkje eit absolutt krav.Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og positiv.
- Du er god på kommunikasjon og samhandlar godt med andre.
- Du er strukturert, effektiv og påliteleg.
- Du er fleksibel og løysningsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Me brukar eigne lønssatsar for studentar som har fullført minimum 1 år av relevant høgskulestudie. Elles gjeld løn etter vanleg tariff.
Generelt
- Me ynskjer at dei som vert tilsett kan stille seg til rådvelde minst 8 veker i løpet av ferieavvikling.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Vardan eller avdelingsleiarar Jens Helge, Stein Erik eller Elin.
Kontaktinformasjon
Elin Kulleseid, 469 06 286Stein Erik Lyslo, 941 07 581
Jens Helge Habbestad, 913 49 788
Vardan Vardanyan, 953 64 698
Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4903871493
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.05.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Leirdalen 1, 5430 Bremnes
- Stillingsfunksjon
- Driftsoperatør/vaktmester, Annet, Teknisk personell
- FINN-kode
- 389908317
- Sist endret
- 20. jan. 2025 02:36
Mer som dette
