Sommarjobb i helse og meistring
- Arbeidsgiver
- Vaksdal kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb i helse og meistring
- Frist
- 31.05.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, helsefagleg student eller pleiemedarbeidar på jakt etter sommarjobb i helse?
Likar du å arbeide med menneske og vil ha ein sommarjobb som betyr mykje for andre? Då har me jobben for deg! Om du ynskjer, kan du starte allereie no! Me har ledige vakter på helg og i vekedagar. Du får god opplæring og oppfølging undervegs i arbeidet.
Vi har behov frå folk frå veke 25 til veke 33.
Du vert prioritert om du kan arbeide minst 4 veker samanhengande i denne perioden.
Skriv i søknaden kva periode du er tilgjengeleg og kan tenkje deg å jobbe.
Er du mellom 16 - 18 år? Då kan du søkje på Ung i helse. Søknad for Ung i helse vert opna på nyåret 2025. Følg med på ledige stillingar på vaksdal.kommune.no
Er du 17 år og går på helsefag? Då kan du bli vurdert for sommarjobb på institusjon, dagsenter og praktisk bistand.
- Jamnetunet bu- og behandlingssenter, bueining og korttidsavdeling - Monika Dahle Skjerveggen, avdelingsleiar, 48880364
- Heimetenesta; heimesjukepleie, omsorg pluss- avdeling, praktisk bistand og dagsenter – Maria Kolstad, 48880338
- Bueining for mennesker med nedsett funksjonsevne og avlastning for born - Nina Jakobsson, avdelingsleiar, 95987676
- Jamnetunet bu- og behandlingssenter, ressurssenter for personar med demens - Anne Kari Helle, 45376843
- Legekontoret – June Eide Viken, 48880312
Krav til kvalifikasjoner
- God i norsk skriftleg og munnleg
- Har gode datakunnskapar
- Som sjukepleiar eller helsefagarbeidar: Norsk autorisasjon
- Førarkort klasse B er ein fordel
- Du må vere fylt 18 år (eller fylle 18 år i løpet av 2023)
Arbeidsoppgåver
I Vaksdal jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Anten du likar å arbeide sjølvstendig, i team, har omsorgsblikket, arbeid innan rehabilitering eller liker å arbeide miljøterapiretta - me har jobben for deg. Arbeidsoppgaver vil variere utifå kompetanse og erfaring og kan inkludera:
- Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
- Omsorg og pleie
- Sjukepleieprosedyrar
- Vere sosial saman med pasientar
- Enkle oppgåver i avdelinga
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og serviceinnstilt
- Praktisk og fleksibel
- Sjølvstendig og stå-på-vilje
- God på kommunikasjon
- Er ivrig og lærevillig
- Må ha gyldig politiattest.
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no og husk å merke søknaden med kor du ynskjer å jobba (gjerne alternativ om du kan tenkja deg å jobba fleire plassar).
Vaksdal kommune kan tilby
- Stillingsbrøk: ca 70 til 100%
- Opplæringsvakter
- Gode støttefunksjoner
- Varierte arbeidsoppgåver
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 12
- Sted
- Jamnevegen 11, 5725 Vaksdal
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 390064350
- Sist endret
- 23. jan. 2025 08:40
Mer som dette
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2025/1/vertical-0/03/5/387/262/025_269c6b4c-42d1-4198-8619-8bfbaa8fbb26.jpg)
![](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/2/vertical-0/12/8/339/958/388_720571491.jpg)