Inaktiv

Fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver
Luster kommune Veitastrond oppvekstsenter
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Veitastrond barnehage ligg under Veitastrond oppvekstsenter. Barnehagen har èin avdeling med 24 plassar. 

I barnehagen er det 5 tilsette, og 4 på skulen. Det er eit godt og nært samarbeid mellom barnehage og skule. 
Til liks med dei andre barnehagane i kommunen, samarbeider me med Styd kommunikasjon i arbeidet med psykisk helsefremjande barnehagar. 

Barnehagen ligg i enden av Veitastrondsvatnet, med gode moglegheiter for utandørsaktivitetar, og er omkransa av eit variert natur- og kulturlandskap.

Stillingsinformasjon:

  • Ledig 60% vikariat som fagarbeidar/assistent i barnehagen i tida 03.02.2025-12.08.2025 + ytterlegare 40% frå 01.03.2025.
    Moglegheit for forlenging.

 Kvalifikasjonar:

  • For tilsetjing som fagarbeidar er det krav om fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eventuelt annan relevant utdanning
  • For tilsetjing som assistent er det ikkje formelle krav til utdanning
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Personlege eigenskapar me legg vekt på:

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Deltek aktivt og bidreg fagleg i utvikling i barnehagen
  • Ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov og barnas beste
  • Tydeleg vaksenpersom som både er omsorgsfull og kan skapa gode og trygge rammer for barn
  • Er fleksibel og skapa gode relasjonar til barn, foreldre og medarbeidarar
  • Likar å vera ute
  • Likar å leika

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Veitastrondsvegen 2252, 6878 Veitastrond
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Barnehageassistent
FINN-kode
390149037
Sist endret
03. feb. 2025 01:15