Inaktiv

Sommarvikariat for pleieassistentar ved Somatiske avdelingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sommarvikariat for pleieassistentar 2025
Frist
05.02.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.

Kvar sommar treng vi mange flinke assistentar i arbeid. Vi har ledige vikariat i sommar ved Somatiske einingar og vi søker kandidatar som er under helsefagleg utdanning.

Du må oppgi i søknaden kva for avdeling (ar) du ønsker å arbeide ved. Du må kunne jobbe i arbeidsperioden veke 25-33(34). Kandidatar som kan jobbe samanhengande i minimum 6-8 veker vil ha fortrinn.   

Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:

*  Medisinsk klinikk: Nyre- og Hormonsjukdommar * Blodsjukdommar * Medisinsk Overvakingseining (MOE) * Infeksjons medisin * Fordøyelsessjukdommar * Dialysen

*  Kirurgisk klinikk: Gastrokirurgisk avdeling 

*  Kreftklinikken: Kreft post 1/2 * Kreft Poliklinikk

*  Hjarteavdelinga: Medisinsk sengepost * Thoraxkirurgisk sengepost

*  Lungeavdelinga: Post 1 * Post 3

*  Klinikk for hovud/hals: Hovud/hals og auge sengepost * Kjevekirurgisk poliklinikk

*  Ortopedisk klinikk: OT syd * OT infeksjon

*  Mottaksklinikken: Akuttmottak

*  Kvinneklinikken: Føde AB


Du kan lese meir om avdelingane ved å klikke på link i navnet eller på vår heimeside www.helse-bergen.no/avdelingar


Kvalifikasjonar (overskrift)

Arbeidsoppgåver:

  • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
  • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga

Du må: 

  • Vere under helsefagleg utdanning og relevant pleieerfaring, erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
  • For stillingar innan somatiske einingar må ein ha 400 timar pleieerfaring
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Vi tenkar at du:

  • Er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Har gode samarbeidsevner og godt humør
  • Det blir lagt vekt på at ein er personleg eigna

Vi tilbyr deg:

  • Introduksjon og opplæringsdagar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Koordinator Bemanningsseneret, cathrine.fauske-haferkamp@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4910197034

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 05.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
20
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
390187865
Sist endret
29. jan. 2025 11:46