Ferievikarar

Arbeidsgiver
Brønnøysundregistrene
Stillingstittel
Ferievikarar
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Brønnøysundregistera treng di hjelp til å gjere viktige oppgåver og har fleire ledige stillingar som ferievikar i perioden 01.05.- 31.08.2025. Seinare oppstart og tidlegare sluttdato vil vere mogleg. I søknaden må du opplyse når du kan starte og kor lenge du kan jobbe.


Arbeidsoppgåver
  • saksbehandle i våre registre – registrere og kontrollere meldingar
  • andre påkomande arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

Du må ha 

  • fullført vidaregåande opplæring 
  • beherske bruk av PC som arbeidsverktøy godt 
  • ha god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg 

Det er fint om du også har

  • relevant praksis innanfor området 

Personlege eigenskapar
  • du må like å jobbe saman med andre og vere positiv til dei arbeidsoppgåvene som må gjerast 

Dette får du hos oss

Stillingane er lønna med etterskotsvis timelønn (kroner 205 - 230 pr. time rekna ut frå ansiennitet). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di.

Arbeidstida er i perioden 15.05. - 14.09. måndag-fredag kl. 0800-1500. Resten av året er arbeidstida 0800 - 1545. Du må rekne med å arbeide noko overtid på ettermiddag og laurdag. 


Inkludering og mangfald er viktig for oss

Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.


Verd å merke seg før du søker

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. 

For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
25
Sted
Havnegata 48, 8910 Brønnøysund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Saksbehandler
FINN-kode
390198205
Sist endret
23. jan. 2025 07:03