Inaktiv

Rektor ved Selje skule

Arbeidsgiver
OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Stillingstittel
Rektor ved Selje skule
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Selje skule frå 01.08.2025.

Selje skule er lokalisert sentralt i Selje sentrum, og er ein veldreven skule med om lag 140 elevar frå 1.-10. klasse og SFO-tilbod. 

Stad kommune skal gje alle barn ei trygg og tilpassa opplæring i eit inkluderande fellesskap. Vi søkjer etter ein utviklingsorientert rektor som vil leie arbeidet med å vidareutvikle skulen både fagleg og sosialt. For Stad kommune er det viktig at leiarane våre kan syne til stabilitet, kontinuitet og har god samhandlingskompetanse. Eit godt samarbeid med elevar, føresette, andre kommunale einingar og lokalsamfunnet er viktig for at skulen skal kunne gje eit godt og heilskapleg opplæringstilbod.

Meir informasjon om skulen finn du på nettstaden www.stad.kommune.no. 


Arbeidsoppgåver

  • Leie og delta aktivt i dei tilsette si læring og utvikling
  • Drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
  • Ansvar for ein god samarbeidskultur, der ein lærer i lag
  • Vidareutvikle gode system for rettleiing og kompetanseheving
  • Ansvar for omdømmebygging, informasjon og kommunikasjon
  • Ansvar for tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
  • Ansvar for å vidareutvikle og bruke digitale verktøy i undervisning og administrativt arbeid
  • Ha god økonomistyring
  • Rekruttere lærarar og andre tilsette ved skulen

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Leiarutdanning gjennom rektorskulen, master i leiing eller tilsvarande. Dersom ein manglar leiarutdanning, må ein ta utdanninga innan tre år. 
  • God digital kompetanse
  • Leiarerfaring og motivasjon til å vere leiar
  • God rolle-, system-, økonomi og organisasjonsforståing
  • Kan bruke teamarbeid som arbeidsmetode
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Er fagleg sterk og oppteken av kvalitet i pedagogisk utviklingsarbeid
  • Ønske om erfaring frå og kjennskap til barnetrinnet og ungdomstrinnet 

Personlege eigenskapar

  • Er ein trygg og stabil leiar
  • Er ein lagbyggjar som både støttar og retteleiar dei tilsette ved skulen
  • Har god relasjonskompetanse både med elevar, føresette og tilsette.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner på norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Har gode strategiske og analytiske evner
  • Er ein leiar som kan jobbe langsiktig og systematisk med læringsmiljø og læringsresultat
  • God samhandlingskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid

Vi tilbyr

  • Vere med på å utforme det samla grunnskuletilbodet i Stad kommune
  • Mentorordning og nettverk med andre einingsleiarar i kommunen
  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Flyttegodtgjersle
  • Løn etter avtale

Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi ber om at alle attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For nærare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Harald Sivertsen.

Kontaktinformasjon

Harald Sivertsen, kommunalsjef oppvekst og opplæring, +47 98079873

Arbeidsstad



6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4910465752

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
6740 Selje
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
390312858
Sist endret
24. jan. 2025 07:30