Inaktiv

Matvert Spisestua. 100% vikariat i 6 måneder.

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen
Stillingstittel
Matvert i Spisestua vikariat
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at vi har nøgde medarbeidarar og brukarar. 

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komme i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov. Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet. Den fremste oppgåva for våre matvertar er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.

Vi har ledig vikariat i 100% stilling i 6 måneder.
Turnus dag/kveld og fast arbeid kvar 3 helg. Oppstart frå snarast eller etter nærare avtale. Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste medarbeidarar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matvert må pårekne å arbeide i alle våre spisestuer. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode IT-kunnskapar, 
  • Matfagleg interesse

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Evy Førland Sander, Seksjonsleiar, 55974904

Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4910930738

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 17.02.2025

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 16.02.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
390321383
Sist endret
23. jan. 2025 06:23