Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Arbeidsgiver
- Føde og gynekologisk seksjon Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar
- Frist
- 16.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig fast 100 % stilling for spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdomar!
Seksjonen har 8 normerte stillingar, fordelt på 5 overlegar og 3 LIS. Vi søkjer ein allsidig spesialist innan feltet. Fødeavdelinga har om lag 450-500 fødslar i året, med låg- til moderat-risiko fødslar. Vi utfører ikkje kreftoperasjonar, men tek oss av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vaktene er 6-delte, med heimevakt om natta.
Både seksjonen og sjukehuset elles har eit godt arbeidsmiljø, er veldrivne og godt utstyrte. Vi har barnelege til stades 2-3 dagar i veka, men ingen barneavdeling.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
Klinisk arbeid på poliklinikk, dagkirurgi, operasjon, sengepost og med deltaking i vakt.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
- Godt norsk/skandinaviske språk skriftleg og munnleg
- Erfaren LIS kan også søke
Personlege eigenskapar
- Du har eit fagleg engasjement
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er med å medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Idunn Myklebust, Seksjonsleiar, +47 70058200, Idunn.myklebust@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4907199237
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 390346236
- Sist endret
- 24. jan. 2025 07:13