Inaktiv

Kyrkjelydsmedarbeider

Arbeidsgiver
Klepp kyrkjelege fellesråd
Stillingstittel
Kyrkjelydsmedarbeider
Frist
16.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer kyrkjelydsmedarbeider 90 % fast stilling med arbeidsstad Klepp kyrkjelyd.

Meir himmel på jord er visjonen me arbeider etter. I alt me gjer ynskjer me å visa små glimt av himmelen. Me vil at Klepp kyrkjelyd skal vere ein god stad å vera, voksa og verka. Me arbeidar for å realisera denne visjonen gjennom dei ulike tiltaka kyrkjelyden har.

Klepp kyrkjelyd er ei sjudagers kyrkje med mange aktivitetar. På sundagar er det ofte over 200 på gudsteneste, inkludert nærare 40 barn som er ein del av kyrkja sitt sundagsskulearbeid.

Kyrkjelyden gler seg over mange aktivitetar, deltakarar og ikkje minst mange frivillige.
Hausten / vinteren 2026 flytter me inn i ny kyrkje i Klepp sentrum. 

Kyrkjelyden står ovanfor ei kjekk og spennande tid framover. Me «skor» oss for flytting, endring og vekst i dei aktivitetane og tilboda me har i dag.

I dag består staben i Klepp kyrkja av 12 personar.

         

Arbeidsoppgåver

Som kyrkjelydssarbeidar får du ansvaret for kyrkja sitt ungdomsarbeid og arbeid knytt til småbarn og familiar. Trusopplæringstiltak for alderen 0-5 år.

  • Delta i palnarbeidet for trusopplæringstiltak saman med kyrkjelydspeagog
  • Leia, videreutvikla og gjennomføra eksisterande ungdomsarbeidet «Uanz» i nært samarbeid med frivillige ungdomsleiare og kateket / kyrkjelydspedagog
  • Planleggje og gjennomføra lavterskeltilbud for ungdom
  • Delta på konfirmantleir (ein gång i året)
  • Oppfølging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med lokal plan
  • Leia og gjennomføra babysang, småbarnsang og knøttekor
  • Driva og viderutvikla eksisterande barne- og familiearbeid
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilpassas den som vert tilsett, og stabssamansetjinga
  • Rekruttering, oppfølging og dyktigjøring av frivillige
 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan pedagogikk og kristendom/ RLE er ynskjeleg
  • Anna relevant utdanning og realkompetanse kan bli vurdert
  • Erfaring frå kristent arbeid med barne og tweens/kyrkjelydarbeid/frivillig arbeid
  • Gode evnar til formidling, kommunikasjon, relasjonsbygging og administrasjon
  • Gode kommunikasjonsevnar på norsk, skriftleg og munnleg
  • Stillinga krev medlemsskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

Til alle stillingane vart det lagt stor vekt på personleg dugleik til stillinga.

Du er:

  • Flink å skape relasjonar til folk
  • Ein inspirator for frivillige til teneste
  • Ein inspirator for barn og ungdom
  • Engasjert ifht. undervisning og trusformidling
  • Helhetstenkande, strukturert og fleksibel
  • Sjølvstendig og jobbar godt i team med tilsette og frivillige
  • Open for endringer
  • Fleksibel
 

Me tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø og stabsfellesskap.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Moglegheit for å prege stillinga etter eigne interesser og ferdigheiter.
  • Lønn og godtgjersle etter kvalifikasjonar og gjeldande for kyrkjeleg sektor i ihht KAs tariff.
  • Pliktig pensjonsordning i KLP
  • Kontorplass på kyrkjekontoret på Klepp.

 

Andre opplysningar

  • Lokal kjennskap til kommune og kyrkjelyd vil vera eit fortrinn
  • Søkjar må være medlem i Den norske kyrkje
  • Prøvetid på seks månader
  • Tilfredsstillande politiattest framleggjes før tilsetting, jfr. Trossamfunnslovens § 20
  • Mykje av arbeidstida er knytt til ettermiddagar, kveldar og helger
  • Må disponere bil
  • Arbeidsgjevar er Klepp kyrkjelege fellesråd, arbeidssted og stebsfelleskap er Klepp kyrkjelyd

Kontaktinformasjon

Hilde Norland Djønne, Dagleg leiar i Klepp sokn, 481 25 450

Arvid Kaspersen, kyrkjevergje i Klepp kyrkjelege fellesråd, 401 57 641

Arbeidsstad



 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kyrkjelege fellesråd


Referansenr.: 4911104379

Stillingsprosent: 90%

Fast

Søknadsfrist: 16.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Prestevegen 7, 4352 Kleppe
Stillingsfunksjon
Annet, Omsorg og sosialt arbeid, Ledelse
FINN-kode
390431190
Sist endret
24. jan. 2025 08:25