Sommarvikarar Eigedomsforvaltning

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sommarvikarar Eigedomsforvaltning
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Ute er det kaldt, men me har starta å tenke på sommaren 

Gulen kommune har behov for sommarvikarar 2025 på avdeling for eigedomsdrift. Det vil vere aktuelt med oppmøtestad i Brekke, på Byrknes og i Eivindvik. Søkjarane må skrive i søknaden kvar dei helst ynskjer å vere lokalisert, og om det er periodar dei ikkje kan jobbe i sommar/eventuelt andre avgrensingar.  Ferieavviklinga er hovudsakleg i perioden veke 25-31, men det kan også vere aktuelt med jobb utover desse vekene. 

Søkjarane kan forvente svar på søknaden i april. 


Arbeidsoppgåver 
  • Slåttehjelp
  • Maling
  • Vedlikehald
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar 
  • Det er ein fordel at sommarvikarane har førarkort for bil og/eller traktor, men søkjarar utan førarkort vert også vurdert 
  • Det er ein fordel med erfaring innan arbeidsoppgåvene som skal løysast

Personlege eigenskapar 

Vi ynskjer ferievikarar som:

  • Er fleksible, sjølvstendige, pliktoppfyllande, effektive og nøyaktige
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan Miljøtenesta, pleie og omsorg og i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfodensiell handsamling, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering. 
  • Løn etter tariff

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Annet
FINN-kode
390440462
Sist endret
24. jan. 2025 12:21