Spennande sommarjobb ved legekontor og legevakt
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Helse
- Stillingstittel
- Gjer ein forskjell i helsevesenet denne sommaren!
- Frist
- 16.03.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Ynskjer du ein meiningsfull sommarjobb? les vidare!
Me lyser ut spennande sommarjobb ved Ølen legekontor og Etne og Vindafjord legevakt. Dette er ein jobb med faglige utfordringar i eit pulserande miljø. Du er omgitt av dyktige medarbeiderar i flotte nye lokaler. Me er samlokalisert med Brann og redning og Ambulanse tenesta.
Me lyser ut:
- 80-100% sjukepleiar på Etne/Vindafjord legevakt.
- 80-100% hjelpepersonell ved Ølen legekontor.
- Vikariat er ledig i perioden 16.06-17.08.
- Mindre stilling og/eller kortare arbeidsperiode kan vera aktuelt.
I søknaden må du opplysa om kva eining og tenestestad du helst vil arbeida. Det er ynskjeleg at du gir opp referanse frå evt. annan arbeidsstad i søknaden.
Hovudarbeidsoppgåver:
Pasienthandtering, arbeid på laboratoriet, betjening på telefon.
Arbeidstid på legevakta er måndag til fredag: kl 15.30 - 23.00 og på helg todelt vakt fra kl. 08.00 - 16:00 og 15:30 - 23:00.
Legekontora har arbeidstid 08:00 - 15.30.
Kvalifikasjonar:
- Ved legevakt er det behov for sjukepleiar med norsk autorisasjon.
- Ved legekontora kan du søkja dersom du er helsesekretær eller er i fagutdanning som helsesekretær, sjukepleiar eller vernepleiar. Sjukepleiarstudentar er og velkomne til å søkja.
- Du må helst ha fylt 18 år.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Personlege eigenskapar:
- Stor interesse for faget og eigen utvikling
- Blid og serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
- Etterspør rettleiing ved behov
- Fleksibel, lojal og effektiv
- Engasjert
- Stiller til avtalt arbeidstid og overheld evt. turnusavtale
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 390933785
- Sist endret
- 27. jan. 2025 10:09