Kom og bli lærling i Gulen kommune!

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Gulen kommune. Tilsetjing lærlingar 2025
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Sjå her

Som lærling i Gulen kommune ynskjer me å legge til rette for ei trygg, spanande og innhaldsrik læretid. Me har dyktige tilsette som deler av si erfaring og støttar deg på vegen mot fagbrevet. Gulen kommune er ei lærebedrift, og har ledig læreplass innan helsefagarbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeid frå hausten 2025 av. Håpar at akkurat du ynskjer å søkje lærlingplass hjå oss!


Kvalifikasjonar 

Søkjarane skal i utgangspunktet ha godkjent den teoretiske delen av opplæringa før vi vurderer lærlingplass. Legg ved kompetansebevis/karakterutskrift frå VG1/VG2 i søknaden.


Personlege eigenskapar 
  • Me ynskjer lærlingar som vert motivert av å lære, og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til brukarane
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø
  • Er fleksibel, positiv, tar initiativ og har gode samarbeidsevner 
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Helse og omsorg                                Oppvekst 

Gulen kommune har ein sjukeheim i Eivindvik, samt bu- og omsorgssenter i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik. Me har miljøteneste som tilbyr tenester til menneske med psykisk utviklingshemming, med base på Dalsøyra. Som helsefagarbeidar tar ein vare på pasientar og brukarane sine behov for heilheiltleg omsorg, ernæring, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid. Arbeidet grunner i profesjonell helsehjelp, kunne utføre grunnleggjande fyrstehjelp og ivareta passientsikkerheit.

Gulen kommune har fire skular med SFO-tilbod, ved Dalsøyra, i Eivindvik, i Brekke og på Byrknes. Det er fem barnehagar i kommunen, kor fire av dei er samlokalisert ved skulane, medan den siste er å finne i Hovden. Som barne- og ungdomsarbeidar jobbar ein med pedagogisk tilbod for barn og ungdom. Ein er med å planlegger pedagogisk opplegg for ulike grupper og enkeltpersonar, deltek i leik, aktivitetar, undervising osb. Praktisk hjelp i høve enkeltelevar kan også vere del av ein arbeidskvardag for ein barne- og ungdomsarbeidar. 

Barne- og ungdomsarbeidaren kan jobbe i barnehage, skular, SFO, fritidsklubbar og andre kommunale etatar. 


Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og barnehage, vert det stilt krav om godkjent politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen forå unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
390939691
Sist endret
27. jan. 2025 02:05