Miljøarbeidar
- Arbeidsgiver
- Herøy kommune, heimetenestene i ytre Herøy
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Frist
- 17.02.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vi søker ein medarbeidar til miljøarbeid i 100 prosents vikarstilling i pleie- og omsorgsavdelinga. Arbeidsstaden er for tida Eggesbøtun / kommunal bustad. Arbeidet er hjå ein brukar som treng kontinuerleg tilsyn dag og kveld. Hovudfokuset i stillinga er miljøarbeid. Endring i helsetilstand kan føre til endring av behov for tenester.
Arbeidet skjer i første omgang i omsorgsbustad. Brukaren har 1:1-bemanning.
Du vil få opplæring før du tek til i stillinga. Du arbeidar sjølvstendig og samarbeider nært både med heimetenesta i ytre Herøy og tverrfagleg i kommunen.
Du kan søke på deler av stillinga. Det er mogeleg å forlenge vikariatet.
Arbeidet er organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Turnusen er organisert med langvakter på helg.
Arbeidsoppgåver
- rettleie og assistere i personleg hygiene og pleie
- tilrettelegge for trening
- vere med på å skape gode rutinar i kvardagen
- praktisk bistand i kvardagen, som innkjøp, matlaging, husarbeid og organisering av fritidsaktivitetar
- tilrettelegge for god kommunikasjon
Kvalifikasjonar
- utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstsektoren på vidaregåande nivå
- erfaring kan vege opp for manglande formell utdanning
- gode norskkunnskapar
- god munnleg og skriftleg kommunikasjon
- erfaring frå liknande arbeid (ein fordel)
- førarkort klasse B er ein fordel
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar
- har erfaring frå arbeid med menneske
- er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioriterer arbeidsoppgåver
- er punktleg og pliktoppfyllande
- fokuserer på gode opplevingar saman med brukaren den tida de er saman
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaringar.
Vi tilbyr
- opplæring i varierte oppgåver
- ein arbeidsgjevar som er oppteken av trivsel på arbeidsstaden
- løn etter gjeldande tariffavtale
- fleksibilitet i turnus
- tilpassa digital kompetanseheving
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Ved intern tilsetting kan andre stillingsheimlar bli ledige.
Kontaktinformasjon
Elsebe Rindalsholt, Seksjonsleiar, +47 90797064Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 56092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4909373508
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 390951030
- Sist endret
- 28. jan. 2025 06:29