Miljøterapeut 3-delt turnus, 2 faste stillingar, 1 vikariat.
- Arbeidsgiver
- Sogndal ungdomssenter - Adm., Bufetat
- Stillingstittel
- Miljøterapeut 3-delt turnus, 2 fast og 1 vikariat.
- Frist
- 17.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ser etter deg som vil ha ein spennande og ansvarsfull jobb
Sogndal ungdomssenter er ei institusjonsavdeling for barn og unge i alderen 13 - 18 år som treng eit mellombels institusjonsopphald eller akuttopphald. Institusjonsavdelinga har 4 plassar for ungdom i målgruppe omsorg der 1 plass er målgruppe akutt omsorg. Avdelinga ligg nær Sogndal sentrum.
Personalgruppa har vore stabil gjennom fleire år, og vi er oppteken av god kjønsfordeling. Vi oppmodar særskilt menn til å søke.
Sogndal ungdomssenter legg til rette for omsorg og utvikling gjennom traumebevisst omsorg, målstyrt miljøterapi og tilførsel av kunnskapsbasert kompetanse.
Vi er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling gjennom opplæring, rettleiing og samarbeid internt og med andre rundt oss.
Verdiane i Bufetat er RÅD, respekt, openheit og deltakelse, noko vi er opptatt av skal prege oss i alle samanhengar og gjere oss i stand til takle dei oppgåvene vi har framover.
Sogndal ungdomssenter søker etter 3 miljøterapeuter til 100 % stilling i 3-delt turnus, dvs også nokre nattevaktar. Stillingane vil innehalde faste møtedagar og arbeid kvar 3. helg. 2 stillingar er faste, 1 stilling er vikariat fram til 01.02.26. Alle stillingane er ledige for snarleg tiltredelse.
I tillegg søker vi òg etter tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
- For miljøterapeut i 3-delt turnus vert ei viktig oppgåve hovudkontaktarbeid knytt til Målstyrt miljøterapi.
- Samarbeid med miljøterapeutisk team og leiing.
- Samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.
- Praktiske oppgåver rundt ungdomane og i avdelinga.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Motivere og engasjere ungdomane til positive aktivitetar.
- Personalmøter og relevant opplæring.
- Ansvar for sikkerheit og risikovurderingar på vakt.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (Sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarende 180 studiepoeng. Anna relevant 3-årig høgskuleutdanning vil også verte vurdert.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og IKT kunnskapar.
- Sertifikat kl. B, med manuelt gir.
- God fysisk og psykisk helse
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge og fleirkulturell erfaring.
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til traumebevisst omsorg og har hatt opplæring i Tryggheit og sikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg og robust i vaksenrolla og kan ivareta ungdomane og deira behov.
- Du kan samstundes oppretthalde ein god struktur, oversikt og eit fagleg perspektiv.
- Du er fleksibel og trivast med utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til omstilling og å kunne tilpasse deg nye krav.
- Du må kunne samarbeide godt både internt i tiltaket og eksternt ut mot samarbeidspartnarar.
- Du er engasjert, bevisst på di eiga rolle og opptatt av at relasjonar er grunnlaget for godt fagleg arbeid.
- Du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus; 3-delt turnus og arbeid kvar 3. helg.
- Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleier, 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 600 - 605 00 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 532 200 - 645 000 pr år, 1173 klinisk sosionom eller klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 645 000 pr år.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Godt fagleg miljø og fagleg utvikling med gode støttespillarar i arbeidskvardagen
- Du får være med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har en stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfold er ein styrke og gjør at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjervi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velgke ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noe noko anna anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tiden lagt til Sogndal ungdomssenter.
- Politiattest må fremleggast ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følgje.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne siden.
Kopi av vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal tas med ved et evt. intervju.
Kontaktinformasjon
Tom Andersen, 46619348Arbeidssted
Rødstokken 166856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4904509321
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 17.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Rødstokken 16, 6856 Sogndal
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
- FINN-kode
- 390967642
- Sist endret
- 07. feb. 2025 09:00