Ferievikarar innan helse og omsorg sommaren 2025

Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune - helse og omsorg
Stillingstittel
Omsorgsarbeider
Frist
16.02.2025

Beskrivelse

Lyst på ein spannande og meiningsfylt sommarjobb? Som gjev deg verdfull arbeidserfaring i tillegg til å nyte sommaren i vakre Kviteseid?




Hva vi ser etter

Me har behov for ferievikarar i perioden 16.06.25 - 10.08.25 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, Lundenjordet bufellesskap, legekontoret, kjøkenet og vaskeriet.

Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, Lundenjordet og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg.

Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil.




Arbeidsoppgaver

Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar, kokk/kokkeassistent og vaskeritilsett.

I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe. Søkjarar kan ikkje få fri i både veke 29 og 30. Me vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile perioden.




Vi tilbyr

Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det er 16.06.25.

Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
390975775
Sist endret
27. jan. 2025 02:25