Lærling helsearbeidarfaget

Arbeidsgiver
Haram kommune
Stillingstittel
Lærling helsearbeidarfaget
Frist
01.03.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

 

Har du lyst å vere lærling i ein ny og spennande kommune?

Haram kommune har ledige stillingar som lærling i helsearbeidarfaget. Læreplassane er i institusjonar
og ulike omsorgs- og behandlingstilbod i kommunal sektor i kommunen. Ein arbeidar i turnus. Vi har fleire ledige
læreplassar.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å
spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.

I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon: referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærar, kopi av karakterprotokoll frå vg1, og kopi av karakterprotokoll frå 1.termin – vg2.

Vi ser fram til å motta søknad frå deg!

 


Arbeidsoppgåver

Helsefagarbeidaren utfører praktisk pleie, omsorg og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta.

Sentrale arbeidsoppgåver er:

  • utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp, med brukaren i sentrum
  • arbeid med helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
  • planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
  • arbeide etter gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
  • handtere medikament etter gjeldande lovverk
  • journalføring, dokumentasjon og rapportering
  • dokumentere opplæringa i olkweb

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Fullført og bestått vg2 Helsearbeiderfag (ev. kryssløp)
  • Legge fram politiattest ved tilsetjing
  • Løyve til å bu og arbeida i Noreg

Ønska kompetanse:

  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Interessert i å jobbe med menneske
  • Engasjert, positiv og omsorgsfull
  • Lærevillig og initiativrik
  • Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
  • Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
  • Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
  • Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
  • Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Berg, Rådgivar, 93217266, ann.kristin.berg@haram.kommune.no

Marit Volstad , Dagleg leiar, Fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og Romsdal, +47 907 97 267, marit.volstad@naaopp.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 BRATTVÅG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4910431482

Stillingsprosent: 100%

Lærling

Startdato: 18.08.2025

Søknadsfrist: 01.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
391032052
Sist endret
28. jan. 2025 01:01