Ferievikar i helse- og omsorgsetaten

Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Stillingstittel
Ferievikar i helse- og omsorgsetaten
Frist
02.03.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vi byr på spennande og meiningsfulle sommarjobbar i helse- og omsorgsetaten i Ulstein!

Er du i eit relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Kanskje du ønskjer å finne ut om arbeid i omsorg er noko for deg?

Vi kan tilby deg inntil 100% stilling i perioden 16.06. - 17.08.25.

Søkjarar som kan jobbe heile sommaren, særskilt i fellesferien, eller over 5 veker vert prioritert.

Tilsetting vert gjort fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Vi søker etter ferievikarar til dei ulike avdelingane ved

  • Alvehaugen (sjukeheim, omsorgsbustader, kjøkken, aktivitør, ambulerande vaktmeister, dagsenter for eldre)
  • Heimetenestene (omsorgsbustader ved Ulshaugen, Holsekerdalen, Petterbakken, Hovstøylvegen, teneste til menneske med utviklingshemming, personleg assistanse, heimehjelp og heimesjukepleie)

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med søkjarar som har fagkompetanse, er i relevant utdanningsløp, eller har erfaring innan helse og omsorg
  • Alle som er interessert i å jobbe med menneske er velkommen til å søkje
  • Godkjent politiattest av ny dato må framvisast før oppstart
  • Førarkort for personbil er eit krav ved nokre avdelingar. Det er fordel om du også disponerer bil. Oppgi i søknad om du har dette.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter personar som er:

  • interessert i å bidra til gode dagar for våre tenestemottakarar
  • interessert i å lære
  • arbeidsvillig

Du må oppgi i kva for periode du kan arbeide i søknaden. Fortel litt om deg sjølv og om du har spesielle ønskje om arbeidsstad og arbeidsoppgåver. Vi søkjer primært etter personar over 18 år og treng søkjarar som kan arbeide i perioden frå veke 25-33. 

Legg ved vitnemål og attestar då desse dannar grunnlag for fastsetting av ansiennitet og lønn.

Vi tilbyr

  • eit variert arbeid saman med kjekke kollegaer
  • ei god arbeidserfaring for karrierevegen vidare
  • god opplæring
  • tilgang til digitalt opplæringsprogram med kursbevis for fullførte kurs
  • mange ulike arbeidsområder
  • lønn etter gjeldande tariffavtale

Vi ønskjer kontinuitet i arbeidet, og prioriterer difor dei som kan jobbe meir enn 5 veker i ferieperioden.

Kontaktinformasjon

Gunn Sætre, Einingsleiar 3, 98230617

Aase Djupvik, Einingsleiar 5, 48168222

Gunn Helen Hauge Muren, Einingsleiar 4, 98230615

Marlen Breivik Kristensen, Einingsleiar, 91173702

Heidi Strand, Einingsleiar 1, +47 98230640

Arbeidsstad

Sjøgata 63

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune


Referansenr.: 4912531758

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Startdato: 23.06.2025

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 02.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
391073168
Sist endret
28. jan. 2025 01:34