Sommarjobb i Åseral? Me ønskjer pliktoppfyllande og engasjerte helsefagarbeidere.
- Arbeidsgiver
- Åseral kommune
- Stillingstittel
- Sommarjobb i Åseral? Me ønskjer pliktoppfyllande og engasjerte helsefagarbeidere.
- Frist
- 28.02.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Åseralsheimen, kjøkkenet på Åseralsheimen og heimetenesta treng ferievikarar sommaren 2025.
Me ønskjer pliktoppfyllande og engasjerte personar inn i våre fagmiljø.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig i oktober 2020. Her er det eige kjøkken og 5 institusjonsplassar, 2 korttidsplassar/avlastning/kommunal augeblikkeleg hjelp, 5 omsorgsbustadar for demente og 8 omsorgsbustadar/leilegheiter til menneske med ulike behov.
Det er tett samarbeid mellom institusjonen og heimetenesta, dei tilsette kan ha oppgåver på begge stader.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt. Ønskjer du å arbeide i eit godt arbeids - og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver håpar me du søkjer sommerjobb hos oss.
Arbeidsoppgåver
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
På kjøkkenet er arbeidsoppgåvene i hovudsak å lage mat til bebuarar på Åseralsheimen, her er måltida ein viktig del av dagen. For mange eit av høgdepunkta!
I tillegg lagar kjøkkenpersonell middag til heimebuande, og det er tett samarbeid med avdelinga.
Kvalifikasjoner
Pleien:
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller liknande
- Studentar/elevar innan helsefag, eller andre med relevant arbeidserfaring
- Gode norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Søkjar må opplyse om dei har førarkort
Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
Kjøkken:
- Fagbrev som institusjonskokk eller liknande
- Studentar /elevar som tek kokkeutdanning
- Erfaring frå liknande arbeid
- Glad i å lage mat
Personlege eigenskapar
Pleien:
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- Fleksibel og positiv
- Evne til å opptre sjølvstendig
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Kjøkken:
- Glad i å lage mat
- Har erfaring med å lage (freistande) mat til fleire
- Har gode samarbeidsevne
- Er fleksibel og positiv
- Kan arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Anna informasjon:
Det er mogleg å ønskje seg å arbeide kun netter, todelt- eller tredelt turnus.
På kjøkkenet er det arbeid på dagtid.
Erfaringsvis treng me at vikarar kan arbeide meir enn 3. kvar helg.
Oppgje i søknaden dersom det er tidspunkt du veit du ikkje kan arbeide.
Vi ønskjer å tilby 100% stilling i heile perioden.
Vi tilbyr
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn iht hovudtariffavtalen.
- Studentar med relevant studium får ekstra lønstillegg. Det same gjer dei som har gått VG1 eller VG2 på helsefag.
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar
- Du vil få naudsynt opplæring
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, 90952859, camilla.verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4908337668
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 10.08.2025
Søknadsfrist: 28.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 12
- Sted
- Bordalsbakken 10, 4540 Åseral
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 391077115
- Sist endret
- 28. jan. 2025 02:00
Mer som dette

