
Vi søkjer positive medarbeidarar som vil jobbe helg
- Arbeidsgiver
- Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
- Stillingstittel
- Vi søkjer positive medarbeidarar som vil jobbe helg
- Frist
- 18.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du ha ein meiningsfull og givande jobb tett på menneske som treng ekstra hjelp? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har dei same føresetnadane som andre.
Du vil jobbe med born på avlastning. Vi har ledig ei fast helgestilling, med arbeid annakvar helg. Stillinga kan bli delt i to, med arbeid kvar fjerde helg.
Arbeidsoppgåver
- lære opp
- hjelpe andre med daglege gjeremål av fagleg og praktisk karakter
- delta i interne og eksterne møter ved behov
- føre journal
Du kan få andre utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Du må vere over18 år, og glad i samarbeid og det å jobbe tett på menneske. Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Vi ønskjer at du har god omsorgskompetanse, og gjerne relevant erfaring.
Før du kan starte i arbeid må du levere godkjend politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
- motiverer, og er merksam på andres behov og kjensler
- arbeidar sjølvstendig og taklar situasjonar som plutseleg oppstår
- held deg fagleg oppdatert
Vi tilbyr
- ein varierande og innhaldsrik arbeidskvardag
- ein god og sentralt plassert arbeidsplass
- kjekke kollegaer
- god pensjons- og forsikringsordning
- løn og tillegg for kveld, natt og helg etter gjeldande avtalar
Tilsetting skjer på vanleg kommunale villkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Kontaktinformasjon
Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4897696981
Stillingsprosent: 28%
Fast
Søknadsfrist: 18.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Teigevegen 55, 6060 Hareid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 391092903
- Sist endret
- 29. jan. 2025 06:36
Mer som dette





