Anestesisjukepleiar
- Arbeidsgiver
- AIO Lærdal sjukehus, Helse Førde
- Stillingstittel
- Anestesisjukepleiar ved Lærdal sjukehus
- Frist
- 20.02.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Avdeling for anestesi, intensiv og operasjon (AIO), Lærdal sjukehus har ledig 6 månaders vikariat som anestesisjukepleiar i 100% stilling.
Oppstart etter nærare avtale.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Vi har skule og barnehage i nærområde og Lærdal kommune har full barnehagedekning. Les meir om Lærdal kommune.
Arbeidsoppgåver
- Anestesi til operasjonar innan elektiv ortopedi.
- Deltaking i daglig drift av seksjonen.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Spesialutdanning innan anestesi
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide målretta og systematisk med arbeidsoppgåver
- Må kunne arbeide sjølvstendig
- Vere ein konstruktiv medarbeidar
- Trivst med å jobbe i eit tverrfaglege team
- Like varierte utfordringar
- Kvalitetsbevisst
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Lite miljø med oversiktlege forhold.
- Sjølvstendig arbeid
- Løn i samsvar med overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Sjukehuset kan legge til rette for leige av bustad etter behov. Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Grethe Kristin Leirdal, Fung. seksjonsleiar , (+47) 970 30 869Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4912856147
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 391104739
- Sist endret
- 06. feb. 2025 11:11