Inaktiv

Psykolog

Arbeidsgiver
Ambulante tenester allmenn-psykisk helse-DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykolog
Frist
17.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har no ledig 100 % fast stilling for psykolog ved Ambulante tenester allmenn - psykisk helse - DPS Ålesund.

Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med psykologspesialistar, psykiatrar, spesialsjukepleiarar med fleire.

Ambulante tenester allmenn er ein del av DPS Sunnmøre og har per i dag 23 behandlarstillingar fordelt på to team. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester. Dei fleste pasientane får behandling over tid der dei bur.

Psykologstillinga er ei av tre i seksjonen og deltek i tverrfagleg behandlarteam. Arbeidsoppgåvene inkluderar terapisamtale, utgreiingmed bruk av standardiserte verkty og deltaking i behandlingsmøte. Du får nødvendig rettleiing, oppfølging og vidare utdanning/spesialisering utifrå individuelle behov.

Vi har kontor på Digerneset Næringsområde i Ålesund kommune og tilbyr ambulante tenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i søraust til Ona i nord og Alnes i vest. Dei to teama i seksjonen dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfattar vel 100.000 innbyggarar fordelt på sju kommunar.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
  • Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt
  • Fagleg utviklingsarbeid, undervisning og veiledning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon eller lisens som psykolog
  • God norsk- eller nordisk-språkleg framstillingsevne, munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå liknande arbeid er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon
  • Du har gode evner til etablering av terapeutiske relasjonar
  • Du er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens beste
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Du må vere personleg eigna
  • Du må ha ei positiv, deltakande og fleksibel haldning

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar og tilrettelegging for fagleg utvikling
  • Veiledning og tilrettelegging av utdanningsløp
  • Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her

Kontaktinformasjon

Ronald Longva, Seksjonsleiar, +47 70173190, Ronald.Longva@helse-mr.no

Arbeidsstad

Digerneset Næringspark

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4888678125

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Digerneset Næringspark, 6260 Skodje
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
391114468
Sist endret
29. jan. 2025 07:08