Ledige stillingar som lærar i Stad kommune - indre
- Arbeidsgiver
- OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
- Stillingstittel
- Ledige stillingar som lærar i Stad kommune - indre
- Frist
- 23.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stad kommune har ledige lærarstillingar ved grunnskulane i indre del av kommunen frå 01.08.2025. Vi har ledige både faste stillingar og vikariat, i heiltid og deltid.
- Eid ungdomsskule har 276 elevar fordelt på 8. - 10. trinn.
- Nordfjordeid skule har om lag 300 elevar fordelt på 1.- 7. trinn.
- Haugen skule og barnehage er eit oppvekstsenter med 80 elevar fordelt på 1.- til 7. trinn.
- Hjelle skule har 68 elevar fordelt på 1. -7 trinn.
- Stårheim skule har 49 elevar fordelt på 1. -7 trinn.
Stad kommune har til saman 8 kommunale grunnskular. Skulane er av ulik storleik og ligg geografisk spreidde i kommunen.
Vi har også ledige stillingar på Selje skule, Stadlandet skule og Flatraket skule.
Du finn meir informasjon som stillingane i ytre del av Stad kommune her.
I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Det vert forventa at alle som jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne samhandlingsmodellen. Du kan lese meir om den her.
Meir informasjon om skulane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsøkter
- Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
- Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
- Tett samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som grunnskulelærar 1-7 og 5 -10 eller faglærar
- Det er ein fordel om du har kompetanse i minst to av basisfaga norsk, matematikk og engelsk
- Fag- og kompetansebehov vil variere på den einskilde skule
- God IKT-kompetanse
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse
- Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og sosial bakgrunn og med ulike livssyn
- Du kan leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte
- Du arbeider sjølvstendig og systematisk
- Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
- Du kan syne til stabilitet og kontinuitet over tid
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Gode lærings- og arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden.
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon ta kontakt med den enkelte rektor.
Kontaktinformasjon
Peder Felde, Rektor Eid ungdomsskule, 97 03 27 61, peder.felde@stad.kommune.noVivian Frøynes Melheim, Rektor Haugen skule- og barnehage, 91 73 86 36, vivian.melheim@stad.kommune.no
Monica Hellenes, Rektor Stårheim skule, 95 21 21 76, monica.hellenes@stad.kommune.no
Anne Langedal Bakke, Rektor Hjelle skule, 99 61 05 67, anne.langedal.bakke@stad.kommune.no
Anne-Grete Eikås, Rektor Nordfjordeid skule, 40 03 94 31, age@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Skulevegen 336770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4908311437
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 23.02.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Haugen, 6773 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 391131030
- Sist endret
- 29. jan. 2025 07:24